Kort om planen
Kommuneplanen sin arealdel skal vere eit tydeleg styringsdokument for arealpolitikken i kommunen. Arealdelen er bindande for reguleringsplanlegging og byggesakshandsaming. Detaljeringsnivå i plankart og føresegner vert avklara i planprosessen. Arealdelen skal også gje tydelege føringar for andre relevante strategiar, planar og normer.
Frå kunngjeringsteksten
Kommuneplanen sin arealdel for Sunnfjord kommune vert med dette lagt fram for 2.gongs høyring og offentleg ettersyn. Det fyrste planforslaget møtte ved 1.gongs høyring på motsegner frå NVE knytt til naturfare, frå Statsforvaltar med bakgrunn i jordvernmål og frå Vestland fylkeskommune (VLFK) med omsyn til kulturminne og myr. For å møte motsegna knytt til nedbygging av dyrka mark, naturfare og omsyn til karbonrike areal (myr), er det gjennomført ei nokså omfattande analyse av utbyggingsområde i gjeldande reguleringsplanar og tidlegare kommuneplanar. Mykje areal er i det nye planforslaget tilbakeført til LNF (landbruk, natur og friluftsliv). Det reviderte planforslaget vart lagt fram for handsaming i formannskapet 22.06.2023 og det kjem fram av sak 138/23 kva forslag politikarane har valt å stille seg bak. Plandokumenta som er sendt på høyring er endra i samsvar med vedtaket.
Vedlagt planomtale er den utfyllande saksutgreiinga til kommuneplanen sin arealdel. Plankartet er lagt fram som digital kartteneste.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 3. oktober
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 3. oktober. Vi gjer merksam på at det ikkje er naudsynt å sende på nytt merknader som vart sendt inn ved 1.gongs offentleg ettersyn i januar/februar 2023.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare sakshandsaminga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg publisert på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive opplysningar. Brukar du e-post når du sender innspel vil denne bli offentleggjort.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til kommuneplanen sin arealdel sak 23/65
Du kan også sende innspel i post eller på e-post. Då må du merke saka med saksnummer: 23/65
Har du spørsmål?
Du kan kontakte Odd Harry Strømsli eller Julie Daling om det er noko du lurer på.
Lovverk
Sjå alle innspel og dokument i saka