Kort om planen
Fylkesveg 57 frå Dale til Storehaugen har dårleg standard fleire stadar med redusert framkome. Vestland fylkeskommune er i gong arbeid med ein kommunedelplan som skal avklare trasè for seinare detaljregulering og gjennomføring. I planarbeidet er det sett på ei rekkje alternativ for framtidig veg i eit planområde i trekanten Båtevika – Sande – Storehaugen.
Formannskapet i Sunnfjord kommune handsama saka 03.november 2022 og gjorde slikt vedtak:
Kommunedelplan for fv. 57 Båtevika – Storehaugen vert starta med varsling, og planprogrammet vert lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 4-1 og 11-13. Kommundelplanen skal arbeide vidare med alternativa A1, A2, B9 og utbetringsalternativet. I arbeidet skal også mulighetene for stegvise utbyggingar og kombinasjonar innanfor desse alternativa vurderast.
Sjå dokument i saka
Då Fylkeskommunen starta opp denne prosessen vart det invitert til ein innbyggardialog der alle kunne kome med innspel til ulike trasèar i planprogrammet. Innspela er teke med og vurdert i det vidare arbeidet. I første omgang vart 20 ulike trasèar vurdert, men etter det kom ein fram til 10 alternativ som aktuelle og realistiske for siling. Desse alternativa er delt inn i 3 konsept.
Konsept A med kryssing av Svædsundet og ulike alternativ gjennom Bygstad til Storehaugen
Konsept B via Osen og ulike alternativ opp til Storehaugen.
Konsept C via Osen til E39 ein stad mellom Storehaugen i nord og Sande i sør.
Sei di meining innan 7. februar 2023
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelige på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentlig tilgjengelig.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til Sak 22/5848
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 22/5848
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post til Vigdis Randine Rørstad Lobenz i Sunnfjord kommune eller Janne Grønli i Vestland fylkeskommune om det er noko du lurer på.
Lovverk
Sjå innkomne innspel og dokument i saka
Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.