Innbyggarmedverknad massehandtering Fv.57

Arbeidet med kommunedelplan for Fv.57 Båtevika-Storehaugen i Sunnfjord kommune nærmar seg slutten. Konsulentselskapet Norconsult har på oppdrag frå Vestland fylkeskommune greia ut ulike trasèalternativ.  Oppgraderinga av vegstrekninga vil gje eit masseoverskot.

KDP Fv. 57 Båtevika - Storehaug. - Klikk for stort bilete Norconsult

 

Det er ei målsetjing at massane kan nyttegjerast i nærleiken av prosjektet og mest mogleg samfunnsnyttig.  Vi ynskjer i den samanheng å invitere innbyggjarar og andre interessentar til å kome med innspel til korleis massane kan nyttegjerast lokalt.  Innspel kan leggast inn i medverknadsportalen. Det vert i tillegg høve til å kome med innspel og få meir informasjon om prosessen på eit digitalt dialogmøte. 

Dialogmøte

Det vil bli orientert om prosjektet og høve til medverknad, og er sett av tid til innspel og spørsmål frå deltakarane. For å få tilgang til møtet må du registerer deg på førehand via lenka. Ved registering vert du automatisk tilsendt ein e-post med møteinvitasjon. 

Medverknad

Her kan du legge inn innspel direkte i fylkeskommunen si kartløysing. 
Alle innspel vil bli registrert og teke med vidare i prosessen.