Høyring - Temaplan landbruk 2025 - 2035Sunnfjord kommune har utarbeidd framlegg til temaplan Landbruk for 2025-2035. Frist for å kome med høyringsinnspel er 16. mars 2025.Om planenLandbruket i Sunnfjord skal oppretthaldeproduksjonen av mjølk og kjøtt gjennom auka investeringar og modernisering av produksjonen. Jordbruksarealet skal ikkje reduserast.Både fulltidsbonden og deltidsbonden er vesentlege for ei livskraftig landbruksnæring.Gode fagmiljø, verdiskaping i landbruksrelaterte næringar og gode bumiljø i grendene kviler på eit levande landbruk.Intensjonen er at planen skal vedtakast av kommunestyret våren 2025. De kan lese han på flipsnack.comSei di meining innan 16. mars Lag og organisasjonar vert invitert til å gje uttale til planframlegget. Vi ønsker innspel om konkrete problemstillingar og prioriteringar, samt generelle tilbakemeldingar.Frist for å kome med høyringsinnspel er sett til 16.mars 2025.Slik sender du innspelVi ber om at høyringsuttaler vert sendt inn via elektronisk skjema til saksnr: 21/11736Elektronisk skjema Sjå innkomne innspel og dokumentasjon i saka Sist endra 10.01.2025 14.45