Høyring - Kommuneplanen sin arealdelKommuneplanen sin arealdel er lagt ut på høyring etter vedtak i formannskapet 20. desember 2022. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden er 12.01.–28.02.2023. Kort om planen Kommuneplanen sin arealdel skal vere eit tydeleg styringsdokument for arealpolitikken i kommunen. Arealdelen skal vise samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Sunnfjord kommune har i sin samfunnsdel for 2021-2030 utarbeidd ein arealstrategi som peikar ut ei retning for kommunen sin langsiktige arealbruk. Arealstrategien vert difor eit viktig bindeledd mellom kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel. Arealdelen er bindande for reguleringsplanlegging og byggesakshandsaming. Detaljeringsnivå i plankart og føresegner vert avklara i planprosessen. Arealdelen skal også gje tydelege føringar for andre relevante strategiar, planar og normer. Sjå viktige dokument i saka Her kan du sjå alle plandokumenta til arealdelen og planarbeidet Forslag til nytt plankart i arealdelen Forslag til plankart (kommunekart.com) Folkemøte Saman med nærmiljøråda inviterer kommunen til folkemøte om planforslaget til kommuneplanen sin arealdel. Det blir i alt åtte folkemøte i perioden 26.01–16.02.2023. Les meir om folkemøtene Sei di meining innan 28. februar Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 28. februar. Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare sakshandsaminga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg publisert på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive opplysningar. Brukar du e-post når du sender innspel vil denne bli offentleggjort. Slik sender du innspel Du kan sende innspel i elektronisk i skjema: Send innspel til kommuneplanen sin arealdel sak 23/65 Du kan også sende innspel i post eller på e-post. Då må du merke saka med saksnummer: 23/65 Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde postmottak@sunnfjord.kommune.no Har du spørsmål? Du kan kontakte Odd Harry Strømsli eller Julie Daling om det er noko du lurer på. Odd Harry Strømsli, einingsleiar areal og byggesak: odd.harry.stromsli@sunnfjord.kommune.no – 57 61 27 15 Julie Daling, byplanleggar: julie.daling@sunnfjord.kommune.no – 57 61 27 21 Lovverk plan- og bygningslova § 11-5 til og med § 11-18 Publisert 11.01.2023 09.18