Førebyggande plan for barn og unge

Sunnfjord kommune skal lage førebyggande plan for barn og unge 2023 – 2030. Planen er lovpålagt. 

Vi vil konkretisere kor vi skal vere i 2030 og korleis vi vil nå måla. Planen er tverrfagleg og arbeidsgruppa er samansett av representantar frå Fagutvikling som har kompetanse på barn og unge. I tillegg er kultur og ungdom representert.

Ressursgrupper innan skule, barnehage. PPT, barnevern og helsestasjon er viktige aktørar inn i dette planarbeidet.

Kort om planen

Kommunen skal fremme gode oppvekstvilkår gjennom tiltak for å forebygge at barn og unge blir utsette for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsvanskar. Kommunen skal sørge for å samordne sitt tjenestetilbud til barn og familier. Kommunestyret skal vedta ein plan for kommunen sitt førebyggande arbeid. Planen skal beskrive kva som er måla for arbeidet, korleis arbeidet skal organiserast og fordelast mellom etatane i kommunen, og korleis etatane skal samarbeide. 

Tilsette i arbeidsgruppa og kommunalsjef for helse og sosial har deltatt på nettverkssamlingar med Statsforvaltaren i Vestland om dette planarbeidet. 

Send innspel innan 1. september 2023

Vi vil invitere deg som innbyggar til å komme med innspel til planen. Målet er å bli ferdig til november 2023, med framlegg til kommunestyret i februar 2024.

Du kan sende innspel om:

  • Kven er det naturleg  å ta kontakt med når foreldre treng råd og rettleiing  i høve uro for barn og unge?
  • Korleis finn de informasjon om hjelpetenestene?
  • Er det utfordringar eller manglar  i tenestetilbodet til barn og unge i dag?
  • Kva bør vere kommunen sine viktigaste satsingsområde (tiltak, tilbod, tenester eller liknande) i det førebyggande arbeidet for barn og unge ?

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel elektronisk

Send innspel til førebyggande plan for barn og unge sak 23/8132

Du kan også sende innspel i post eller på e-post. Då må du merke saka med saksnummer 23/8132

Har du spørsmål?

Du kan kontakte Lillian Vassbotten eller Turid Bruland om det er noko du lurer på