Endra detaljreguleringsplan Gang-/sykkelveg E39 Kusslid – Moskog

Sunnfjord kommune har vedteke å endre detaljregulering Gang-/sykkelveg E39 Kusslid – Moskog den 09.04.2025.

Utsnitt frå komunekart som viser  Gang-/sykkelveg E39 Kusslid – Moskog  - Klikk for stort bilete Asplan Viak AS

Kort om planen

Planen legg til rette for å opparbeide gang- og sykkelveg frå Kusslid til Moskog. Endringa gjeld i hovudsak justering av veglinje til gang- og sykkelvegen frå Kusslid til Gjelsgrova. I tillegg er køyrebana til E39 justert og utvida frå svingen ved Mo vgs til Moskog slik at det vert mogleg å etablere forsterka midtoppmerking på E39. Veglinja er flytta noko nordover for å unngå skade på trerekkja som står søraust for E39. Plankart og føresegner er endra. Det vert vist til saka for fleire opplysingar.

Sjå viktige dokument i saka

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art

Klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. Her finn du informasjon om klage. Du skal skrive klage til Statsforvaltaren i Vestland, og sende den til Sunnfjord kommune merka med saksnummer: 23/2345.

Meir informasjon om saka

Sjå alle dokument i arkivsaka

Lovverk