Detaljregulering Hafstadparken – varsel om oppstart av reguleringsendring

Det vert varsla om oppstart av arbeid med planendring av detaljregulering Hafstadparken med plan identifikasjon 143220100002, i kraft 30.09.2010.
Sei di meining innan 12. juni 2024.

Kartutsnitt som viser: detaljreguleringsplan Hafstadparken, Sunnfjord kommune. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kort om planarbeidet

Sunnfjord kommune vedtok i kommunestyret den 16. juni i sak 23/627 å starte opp med ei reguleringsendring av Hafstadparken, som skal sjå på vidareutvikling samt initiativet til Førde IL om ein fotballhall på bane 2. Kommunen står sjølv som grunneigar av Hafstadparken, medan Førde IL er tiltakshavar for fotballhallen.

Planendringa har som føremål å sjå på vidareutvikling etter gjeldande grunnprinsipp om å være ein park for alle. Kommunen står sjølv for reguleringsarbeidet. I samband med vedtaket ovanfor blei det gjennomført ei brukarundersøking og forprosjekt som skal leggast til grunn for planarbeidet. Planområdet er på ca. 90 dekar, og består i dag av gbnr. 61/389, 61/471, 61/457, 61/458 mfl. Kommunen vil elles fortløpande vurdere om reguleringsendringa kan gjennomførast som ei mindre endring med forenkla handsaming.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, og utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Planen vil erstatte heilt eller delvis følgande plan:

  • Detaljreguleringsplan Hafstadparken, 2010

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 12. juni

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 12.06.2024.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 23/627

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 23/627

Har du spørsmål?

For ev. spørsmål ta kontakt med Patrick Langeland på:

Lovverk

Sjå innkomne innspel og dokument i saka

Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.