
Vedtak i kommunestyret
Vedtak i Kommunestyret 27. mai 2025:
Sunnfjord kommune vedtek detaljregulering Førde Brannstasjon med planident 464720220008, plankart datert 27. mars 2025 og føresegner revidert 26. mars 2025, i samsvar med pbl § 12-12. Ved endeleg vedtak erstattar Detaljregulering Førde brannstasjon med planident 464720220008 del av gjeldande reguleringsplanar:
• E39 Fjellvegen – Hafstadvegen, PlanID 143220150021
• Førde Yrkesskule, PlanID 143219840209
• Hafstad bydel, PlanID 143220070007
• Hafstad, del av gbnr.61/8, PlanID 143220190001.
Dette gjeld også alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegn.
Kort om planen
Planframlegget legg til rette for etablering av ein ny brannstasjon i Førde. Det vert også lagt til rette for eit område med omsorgsbustad, og regulert uteareal til framtidige Førde ungdomsskule.
Planområdet er på om lag 26 dekar og ligg på Hafstadflata i Førde.
Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn for å ta omsyn til innkomne merknadar.
Sjå viktige dokument i saka
Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.
Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.
Klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. Informasjon om klage
Klagen stilast til Statsforvaltaren i Vestland, og skal sendast til Sunnfjord kommune med saksnummer: 22/10873.
Send klage på eDialog eller per post.
- eDialog
- Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde
Meir informasjon om saka
Lovverk