Sunnfjord kommune
Vedtak i kommunestyret
Detaljreguleringsplan Espelandsdalen med plankart og føresegner begge dagsett 18.10.2024, vert vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar av gjeldande reguleringsplan Fv. 57 Perhaugen - Storehaug frå 2019, planid 4647_143020180001.
Kort om planen
Planen sikrar areal til å plassere overskotsmasse frå bygging av E39 Storehaugen – Førde i Espelandsdalen. Delar av fylkesveg 57 går gjennom planområdet og vert regulert med ny veglinje. Planområdet er ca. 79 dekar der ca. 16 dekar skal nyttast til veganlegg, og ca. 23 dekar skal opparbeidast til dyrka mark etter ferdigstilling av ny E39. Overskotsmasse frå ny tunnel er rekna til om lag 100 000 m3.
Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn. Dei viktigaste endringane er:
- Gang/-sykkelveg i vest er flytta nærare veglinje til fv 57.
- Landskapsplan er endra i vest slik at traktorvegen ligg noko nærare fylkesvegen.
- Føresegner er endra med krav knytt til m.a. massekontroll, støy, støv, tursti, deponeringstid, jordkvalitet, ferdigstilling, ureining, skadelege artar, planteskade-gjerarar, kulturminne m.m.
Sjå viktige dokument i saka
Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art
Link til sak i kommunestyret
Sjå alle dokument i arkivsak 22/1854
Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.
Klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. Her finn du informasjon om klage
Du skal skrive klage til Statsforvaltaren i Vestland, og sende den til Sunnfjord kommune merka med saksnummer: 22/1854.
Lovverk