Vedtak i kommunestyret
Detaljreguleringsplan E39 Storehaugen – Førde med plankart og føresegner revidert 1. februar 2023, vert vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.
Vedtak av ny detaljreguleringsplan vil erstatte delar eller heilt av gjeldande reguleringsplanar og utbyggingsplan:
- Fv. 57 Perhaugen – Storehag (planid 143020180001),
- Espeland, del av gbnr. 110/4 (planid 143020070004),
- Kårstad transport AS (planid143019970002),
- Skilbrei (planid 143019970001),
- Førde - Bruland Pars. A og C (planid 143219850033)
- Bruland, - gbnr.60/8 (planid 14320021002).
Kort om planen
Planen legg til rette for å bygge ca. 9,5 km ny E39 mellom Storehaugen og Bruland i Førde. På Storehaug vil det bli etablert eit planfritt kryss, og på Bruland vil det bli ei rundkøyring med kopling til eksisterande E39. Ca. 7,5 km vil gå i tunnel.
Planen er endra etter høyring og offentleg ettersyn. Endringane er:
- Avgrensinga av planen er endra ved at område ved Espeland er teke ut av planen, og plangrensa er trekt lenger vekk frå Skilbreivatnet (plankart R4) slik at ein unngår vegetasjonsbelte mot vatnet.
- Lisjebekken på Bruland skal vere open med unntak av der køyrevegane kryssar over bekken, sjå plankart R 15/16 og føresegn 3.4.3.
- Parkeringsplass P2 på Bruland er flytta lenger nord på gbnr 60/14, sjå plankart R15.
- Føresegnene er meir omfattande med fleire krav til gjennomføringa.
Detaljreguleringsplanen vil erstatte heilt eller delar av gjeldande reguleringsplanar.
Sjå viktige dokument i sak
Dokument i saka
Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art
- saksutgreiing
- plankart
- føresegner
- planomtale
Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.
Klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. Her finn du informasjon om klage.
Klagen sendast til Sunnfjord kommune, merk med saksnummer 21/5101
Meir informasjon om saka
Sjå alle dokument i arkivsaka
Lovverk