Sunnfjord kommune

Næringsutvikling

Næringsutvikling

Sunnfjord Utvikling AS er nærings- og tiltaksapparatet til Sunnfjord kommune og yter tenester til næringslivet i kommunen. 

Starte eiga bedrift?

Vi oppfordrar deg til å ta kontakt med Sunnfjord Utvikling for hjelp og støtte i oppstartsfasen. Dei held til i kontorfellesskapet Peak Sunnfjord, Hafstadvegen 25, Førde. Telefon: 57 72 19 50

Dei kan mellom anna tilby hjelp i form av:

  • Gratis rådgjeving og hjelp til utvikling av verksemd/forretningsidé.
  • Avklare formaliteter som skiping av verksemda, driftsform og registrering.
  • Finansiell stønad (kommunalt næringsfond).
  • Eventuell vidareformidling til andre finansieringskjelder.
  • Etablerarkurs.
  • Gratis kontor i 3 månader.

Næringsareal i kommunen

I Sunnfjord Næringspark på Moskog har vi ledig næringsareal. Næringsarealet ligg rett ved E39 mot Jølster og Fv13 over Gaularfjellet. Her får du kjøpt næringstomter til sjølvkostpris.

Ta kontakt med dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling Rolf Sanne-Gundersen på telefon 970 55 208 om du vil vite meir om næringsarealet. 

Næringsplan for Sunnfjord kommune

Overordna mål for næringsplanen er å vidareutvikle ein sterk vekstregion i nye Vestland fylke med Sunnfjord kommune som motor. Planen skildrar korleis Sunnfjord kommune kan vere offensiv i næringsarbeidet. 

Kontaktperson for næringsplanen i Sunnfjord kommune:

Nyttige lenker om bedriftsetablering

Kontakt

Trond Ueland
E-post
Telefon 57 61 27 05
Mobil 913 37 410