Sunnfjord kommune

Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Skjenkeløyve for enkeltarrangement eller private selskap

Om du ønsker å skjenke alkohol mot betaling i eit selskap må du søke om skjenkeløyve. Det er ulike skjenkeløyve for opne og lukka arrangement. 

Når treng du skjenkeløyve for enkeltarrangement?

  • Du skal servere alkohol mot betaling i eit lukka selskap som til dømes bursdag, bryllaup, jubileum eller firmaarrangement. Du søker då om eit ambulerande skjenkeløyve
  • Du skal ha eit arrangement som er ope for publikum, i lokale utan skjenkeløyve eller utandørs på eit avgrensa område. Du søker då om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve

Når treng du ikkje å søke om skjenkeløyve?

Du treng ikkje å søke om skjenkeløyve om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkohol eller du serverer alkohol utan å ta betaling. 

Kva krav må du oppfylle for å få skjenkeløyve?

  • løyvesøkar må vere fylt 20 år
  • du oppgir kven som skal vere ansvarleg for skjenkinga, skjenkeansvarleg må vere fylt 20 år

Slik søker du 

Søk om skjenkeløyve for eit enkeltarrangement - ambulerande skjenkeløyve 

Kor lang tid tek det?

  • Du får vanlegvis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan ei veke. 
  • Det vil ta lenger tid å få svar på søknad om skjenkeløyve for eit enkelt høve, eit ope arrangement. Her vil vi spørre politiet og sosialtenesta om dei har merknader til arrangementet. Søk difor i god tid før arrangementsdato. 

Kva kostar det?

Det kostar 350 kroner. Vi sender faktura.

Lover og forskrifter

Ambulerande skjenkeløyve, einskildhøve
 
Når treng du ambulerande skjenkeløyve eller skjenkeløyve for eit enkeltarrangement?
Når treng du ikkje å søke om ambulerande skjenkeløyve?
Kven kan få ambulerande skjenkeløyve?
Korleis søke?
Søknadsfrist
Kor lang tid tek det?
Vi har eit fast skjenkeløyve, men har fått spørsmål om å skjenke i eit anna lokale. Kva søker vi om då?
Kva kostar det?
Lover og reglar som gjeld for skjenkeløyve

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00