Sunnfjord kommune

Viltforvaltning

Viltforvaltning

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på oppgåver i viltforvaltninga

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapportar
  • Registrering og analyse av "sett hjort"
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Hjortevilt

Hjorteviltregisteret. Her legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingigsresultat, sett-hjort og slaktevekter.

Du som jaktar skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Jeger logger seg inn med sitt jegernummer og fødselsdato.

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).

Viltfond

Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort  til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert.

Nyttig informasjon om vilt, jakt og forvaltning