Sunnfjord kommune

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Kommunen løyver tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), men du søker via Altinn. 

Kven kan søke om SMIL-midlar

  • Foretak som er registrert i Einingsregisteret kan søke.
  • For å få innvilga tilskot er det vilkår om at tiltaket er på ein landbrukseigedom. I tillegg må det skje ein aktivitet på eigedomen som gjev rett til produksjonstilskot. 

Slik søker du

  • Gå til  www.altinn.no
  • Logg deg inn med MinID, BankID eller liknande.
  • Velg landbruksforetaket ditt som Aktør.
  • Søk opp skjemaet Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL).
  • Legg inn informasjon om tiltaket og last opp nødvendige vedlegg (kart er obligatorisk). Dersom prosjektet gjeld eit verneverdig bygg skal det vere med ei planteikning. 
  • Søknaden vert sendt automatisk til kommunen som landbrukseigedomen for tiltaket ligg i.

Søknadsfrist

  • Søknadsfristen er 1. april  

Du får svar via innboksen i Altinn

Når kommunen har behandla søknaden vert svaret og vedtaket sendt til foretaket sin innboks i Altinn.

Tiltaksstrategien for SMIL-midlar legg føringar  

Føremålet med SMIL-midlane er å fremme natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusere ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift. Som følge av siste jordbruksavtale kan kommunen også løyve SMIL-midlar til å dekke over eksisterande gjødsellager.

Kommunen utarbeider eigen fleirårig strategi for å møte dei største miljøutfordringane i kommunen. Strategien viser kva tiltak som er prioritert. 

Har du spørsmål?

Kikk innom nettsidene til Landbruksdirektoratet, der er det stor sjanse for at du finn svar på spørsmåla dine. 

Kontaktperson om SMIL-midlar

Ola Kvaal, telefon 57 61 27 24, e-post: ola.kvaal@sunnfjord.kommune.no 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00