Ofte stilte spørsmål om kommunale gebyrDu får faktura fire gonger i året som gjeld kommunale gebyr. Vi får ofte spørsmål om utrekningane og prøver her å svare på nokre av dei vanlegaste spørsmåla. Om kommunale gebyr i Sunnfjord kommune Du får tilsendt faktura fire gongar i året, med forfall 15. mars, 15. mai, 15. august og 15. november. Alle gebyr er fordelt likt utover terminane, slik at du får same beløpet på kvar faktura. Dersom du har vassmålar, vil du no bli fakturert akonto. Dette betyr at du betalar eit berekna gebyr kvar termin, basert på tidlegare forbruk. I desember les du av målaren, og på første faktura året etter får du eit oppgjer. No blir det lettare å få innsyn i dine fakturaer Du kan no logge deg inn via Mi side og få innsyn i dine fakturarer. Du kan også be om betalingsutsetting digitalt. Kommunen sender ut faktura via Avtalegiro: Du må opprette ein avtale i nettbanken/banken om avtalegiro. eFaktura: Har du sagt "ja-takk" til å få alle fakturaene elektronisk vil du få fakturaen elektronisk. Vipps: Har du slått på at du vil ha fakturane dine i Vipps vil fakturaen frå Sunnfjord kommune òg kome her. Digipost: Dersom du ikkje har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med Sunnfjord kommune, kan du motta faktura i digital postkasse som Digipost eller eBoks. Faktura i postkasse: Dersom du ikkje har registrert Avtalegiro, eFaktura eller digital postkasse med Sunnfjord kommune, vil du få fakturaen i postkassen. Ofte stilte spørsmål Korleis blir forbruk av vatn og avløp rekna ut? Vatn- og avløpsforbruk for bustad er rekna ut etter arealet på huset x 1,2. Kvifor må eg betale for to bueiningar for mitt hus? Abonnementsavgift for vatn i bustad og abonnementsavgift for avløp i bustad gjeld for kvar bueining som er registrert i matrikkelen, det vil seie det som er registrert i eigedomsregisteret på bustaden din. Når huset vårt vart bygd var det registrert med to bueiningar, men vi brukar no heile huset. Kva må vi gjere for at det ikkje lenger skal stå to bueiningar? Du må søke om bruksendring for at dette skal bli rett i matrikkelen (eigedomsregisteret). Saksbehandlingsgebyr i Sunnfjord kommune Er det endringar i utrekningsmodell for vatn og avløp? Gebyret er framleis delt inn i abonnementsgebyr og forbruksgebyr. Abonnementsgebyret er likt for alle bustader. Forbruksgebyret varierer ut frå storleiken på bustaden din, dersom du ikkje har vassmålar. Har du vassmålar, blir forbruksgebyret berekna etter målt forbruk. Kven blir fakturaen sendt til? Kommunen sender fakturaen til den som står oppført som eigar i eigedomsregisteret ved faktureringsdato. Om eigedomen står i namnet til ein avdød person, må informasjonen oppdaterast i registeret for statens Kartverk. Eigarskifte midt i ein termin. Kan fakturaen delast mellom kjøpar og seljar? Eit eigarskifte er eit oppgjer mellom kjøpar og seljar. Vi anbefalar at du tek kontakt med ansvarleg eigedomsmeklar for og avklare om kommunale gebyr er tatt med i oppgjeret. Kan eg reservere meg frå å motta faktura i digital postkasse? Du kan reservere deg mot digital kommunikasjon frå det offentlege ved og reservere deg på ID porten. Dette vil også gjelde post som kjem frå kommunen. Alle betalingssatsar, avgifter og gebyr i Sunnfjord kommune Kvart år bestemmer kommunestyret prisane for kommunale tenester. Vi samlar dette i ei fullstendig prisliste. Lista er vanlegvis ikkje klar før i januar. Prisliste for Sunnfjord kommune finn du her Her kan du lese meir om gebyra for vatn og avløp Har du spørsmål om kommunale gebyr? Send e-post til: avgiftsomrade@sunnfjord.kommune.no eller ring tenestetorga på telefon 57 72 20 00. Politiske saker om kommunale gebyr Alt om prisar og urekningsmodell for kommunale gebyr har vore oppe til politisk behandling i kommunestyret i Sunnfjord kommune. Kommunestyret 11. desember 2019. Godkjenning av gebyrsatsar - teknisk sektor. Kommunestyret 11. desember 2019. Godkjenning av forskrifter. Om eigedomsskatten Vi sendte ut ein skattesetel rundt 1. mars 2020. Der står det kor mykje du skal betale i eigedomsskatt. Her kan du lese meir om eigedomsskatten. Sak om eigedomsskatt var oppe i kommunestyret 13. februar 2020 Sist endra 25.04.2023 08.56