Sunnfjord kommune

Næringsareal

Næringsareal

Ledig næringsareal i Sunnfjord Næringspark

Første byggetrinn av Sunnfjord Næringspark på Moskog i Sunnfjord kommune er klar til etablering av verksemder. Næringsarealet ligg rett ved E39 i krysset til Fv13 over Gaularfjellet. Kjøper du tomt her sikrar du bedrifta di ei framtidsretta, moderne og praktisk lokalisering midt i fylket– sentralt mellom Bergen og Ålesund. 

Last ned prospekt for Sunnfjord Næringspark (PDF, 6 MB

Kontaktinformasjon

Ta kontakt med dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling Gunhild Berge Stang på telefon 97 65 37 85 om du vil vite meir om næringsarealet. 

Fem grunnar til å velje Sunnfjord Næringspark

  • Sentralt plassert med kort veg til Sogn, Sunnfjord og Nordfjord – og køfri tilkomst til E39. 
  • Ypparleg for bedrifter med krav til  – og behov for – god logistikk.
  • Eit stort, fleksibelt, moderne og byggeklart næringsområde midt i Sunnfjord. 
  • Mykje rom for arealkrevjande næringar. 
  • Billege tomter og felt tilrettelagt for rask etablering.

Kommunale næringstomter til sjølvkostpris

Sunnfjord kommune, Sunnfjord tomteselskap og Sunnfjord Utvikling legg til rette for vekst og utvikling i næringslivet gjennom etableringa av Sunnfjord Næringspark. Vi ønsker å stimulere til nyetableringar og derfor er tomteprisane bestemt etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at prisane skal dekke dei faktiske kostnadane ved å opparbeide feltet.