Sunnfjord kommune

Skjenkeløyve

Skjenkeløyve

Skjenkeløyva i Sunnfjord kommune

Alle skjenkestadane måtte søke på nytt om skjenkeløyve i Sunnfjord kommune våren 2020. Dei nye skjenkeløyva gjeld for fireårsperioden 2020–2024.

Når treng du skjenkeløyve?

Alle som driv ein serveringsstad og ønsker å skjenke alkohol må søke om skjenkeløyve. Skjenkeløyve gjeld vanlegvis i fire år. 

  • Når du har serveringsløyve frå før og ønsker å skjenke alkohol, må du søke om skjenkeløyve. 
  • Når du skal starte ein serveringsstad med skjenking må du søke om skjenkeløyve før oppstart. 
  • Når du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, må du søke om skjenkeløyve. Du kan drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve i maks tre månader medan du ventar på at din søknad vert behandla. 

Korleis få skjenkeløyve?

  • styrar og varastyrar må ha bestått kunnskapsprøve i alkohollova for å kunne søke om skjenkeløyve
  • dagleg leiar må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve
  • styrar og varastyrar må vere over 20 år
  • styrar og varastyrar må vere tilsett på staden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
  • det er krav om uklanderleg vandel 

Slik søker du

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden. Søk difor i god tid før oppstart. 

Søk om fast skjenkeløyve 

Vedlegg du må ha med i søknaden 

  • firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta. Last ned firmaattesten frå altinn.no
  • foretaksregisteret si rolleoversikt for fysiske personar som eig meir enn ein tredel av føretaket og for føretaket sin daglege leiar. Last ned rolleoversikta frå altinn.no
  • skatteattest for driftsselskapet. Du kan bestille skatteattesten på altinn.no
  • teikning av lokalet med avmerking for inne- og uteservering
  • vitnemål frå kunnskapsprøve om alkohollova som stadfestar at styrar og varastyrar har greidd prøva
  • såkalla "konseptutgreiing": opplysningar om kva slag skjenkestad det er, målgruppe, opningstider, eventuell underhaldning eller anna verksemd i tilknyting til skjenkestaden

Kor lang tid tek det?

Det kan ta opptil tre månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden blir sendt til politiet og sosialtenesta for uttale, deretter blir søknaden behandla politisk i kommunen.   

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om skjenkeløyve. 

Korleis levere omsetningsoppgåve?

Alle som har eit skjenkeløyve skal betale eit årleg bevilligsgebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol skjenkestaden forventar å omsette neste år. Kvar skjenkestad må melde inn omsetningsoppgåve for alkoholhaldig drikk kvart år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta kapittel 6.

Her kan du melde inn omsetningsoppgåve

Lover, forskrift og lokale vedtak 

Kontakt

Kjell Idar Dvergsdal
Utviklingskoordinator helse og omsorg
E-post
Telefon 57 71 85 45
Mobil 917 04 417
Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00