Sunnfjord kommune

Vilt, fiske og jakt

Vilt, fiske og jakt

Kommunen har forvaltningsoppgåver etter viltlova og forskrifter knytt til denne. Vi gjev råd og rettleiing i saker knytt til vilt og forvaltning av vilt.  Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Døme på oppgåver i viltforvaltninga

  • Forvaltning etter gjeldande lover og forskrifter
  • Fallvilt (påkøyrd og skadd/sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandsplan
  • Kontroll/registrering av fellingsrapportar
  • Registrering og analyse av "sett hjort"
  • Godkjenning av vald
  • Godkjenning av driftsplanar/bestandsplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Hjortevilt

Hjorteviltregisteret. Her legg kommunen inn informasjon om alle valda: Fellingsløyve/ fellingigsresultat, sett-hjort og slaktevekter.

Du som jaktar skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Jeger logger seg inn med sitt jegernummer og fødselsdato.

I Hjorteviltregisteret finn de og oversikt og informasjon om fallvilt (trafikkpåkøyrsler).

Viltfond

Hjortevald betalar inn fellingsavgift for felt hjort  til viltfondet etter endt jakt. Kommunen handsamar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Forskrift om viltfond og kommunale retningslinjer avgjer kva tiltak som kan få støtte og kven som vert prioritert.

Nyttig informasjon om vilt, jakt og forvaltning

Vilt som gjer skade

Nokre gonger kan dyr vera plagsame eller gjera vesentleg skade på eigedom. Miljødirektoratet har laga ein rettleiar om vilt som gjer skade. I denne rettleiaren finn du råd om kva du kan gjera viss du opplever dette som eit problem. Regelverket som dekkjer desse utfordringane finn du i viltforskrifta. 

Jegerprøva

Som ny jeger må du ha jegerprøvekurs. Dette kurset er obligatorisk og på 30 timar. Etter kurs må du ha bestått eksamen før du kan utøve jakt og fangst. Kommunen organiserer eksamen. Etter bestått prøve vert du registrerte i Jegerregisteret.

Spørsmål om jegerprøvekurs?

I Sunnfjord blir det som regel starta opp jegerprøvekurs i februar kvart år (påmelding i januar). Om du har spørsmål knytt til jegerprøvekurs, kan du ta kontakt med ditt lokale Jakt og fiskelag.

Eksamen

Eksamen, etter endt jegerprøvekurs vert gjennomført elektronisk. Eksamensavgifta er 300 kroner per forsøk. Informasjon om kurs, eksamen og eksempelprøver finn du på jegerprøveeksamen.no

Bandtvang på hundar

Hundar skal alltid haldast under slikt tilsyn, at dei hindrast i å drive eller forfylgje viltet. Det er ordinær bandtvang på hundar i tida frå og med 1. april til og med 20 august. I tida utanom bandtvang kan hundar kun vere lause, viss dei anten

  • vert fulgt og kontrollert på akstsom måte, eller
  • er forsvarleg innegjerda

Sunnfjord kommune har utvida bandtvang der bufe beiter frå og med 1. april til 1. november. I tillegg er det bandtvang på nokon utvalde friluftsområde. Les forskrift om utvida bandtvang i Sunnfjord kommune og hundelova

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Joar Helgheim eller Oddbjørn Kåre Sellevoll

Kontakt

Joar Helgheim
Einingsleiar Landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 72 61 21
Mobil 992 02 664

Deling, konsesjon, vilt

Oddbjørn Kåre Sellevoll
Fagkoordinator landbruk
E-post
Telefon 57 61 27 23
Mobil 905 33 509

Skogbruk, landbruksveg, vilt, framande artar.