Sunnfjord kommune

Nydyrking og planering

Nydyrking og planering

Nydyrking er fulldyrking eller overflatedyrking av jord, eller gjennoppdyrking av jordbruksareal som har lagt unytta i over 30 år. Opparbeiding frå overflatedyrka jord til fulldyrka jord vert ikkje rekna som nydyrking.

Nydyrking

Om du skal nydyrke, må du søke kommunen om godkjenning før du byrjar arbeidet. Du sender søknadsskjema med kart og plan for grøfting til kommunen. 

Korleis søke?

Her finn du søknad om godkjenning av plan for nydyrking

Har du spørsmål?

Du finn informasjon på Landbruksdirektoratet si nettside

Kontaktpersonar

Ola Kvaal
Arne Stig Sortevik

Planering av terreng

Planering er når det vert forflytta masse som berører eit areal på minst 1 dekar. Alle planeringsfelt skal utførast i samsvar med «Tekniske retningslinjer for anlegg, drift og vedlikehold av planeringsfelt», fastsett av Landbruksdepartementet.

Korleis søke?

Om du skal planere, må du søkje kommunen om godkjenning. Før du set i gang, må du sende forenkla søknad til kommunen. Den forenkla søknaden skal innehalde kart som viser områda som vert påverka av planeringen. Viktige natur/terrenginngrep, bekkelukking mv. skal avmerkast på kartet.

Kommunen avgjer på bakgrunn av den forenklede søknaden, om planeringen krever tillating etter ureiningsforskrifta.

Rettleiing og praktisk gjennomføring

Her finn du NLR og NIBIO sin praktisk og fagleg rettleiar

Kontaktpersonar

Arne Stig Sortevik
Linn Hovlandsdal

Søknadspliktig etter anna regelverk?

Avhengig av omfanget av planeringa, kan tiltaket verte søknadspliktig etter anna regelverk.
Tiltakshaver har ansvar for at tiltaket blir utført i samsvar med reglar gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova, og at det ikke kjem i strid med anna regelverk. Arbeidet kan ikkje setjast i gang før du har søkt om, og det er gitt naudsynt dispensasjon, tillating eller samtykke fra eventuelle berørte mynde. 

Les om terringinngrep etter plan- og bygningslova

Ny lokal forskrift om spreiefristar

Sunnfjord kommunestyre vedtok 25. mars 2021 å innføre lokal forskrift om spreiing av gjødselvarer. Reglane for spreiing etter 1. september er endra og delvis innskjerpa.

Forskrift om spreiing av gjødselvarer (PDF, 184 kB)