Sunnfjord kommune

Uttsleppsløyve og tilsyn med forureining

Uttsleppsløyve og tilsyn med forureining

Kommunen er pliktig å føre tilsyn med at forureiningslova blir følgd. Kommunen behandlar og kontrollerer utsleppsløyve for større og mindre avløpsanlegg, og fører tilsyn med at miljøgifter frå forureina grunn eller avfall ikkje kjem ut i naturen.

Tilsyn

Tilsyn er både fysisk kontroll av avfallsplassar og avløpsanlegg, dokument- og systemkontroll og overvaking av miljøtilstanden gjennom synfaringar og vassprøver. Kommunen sine prioriteringar og arbeidsmetodar går fram av Tilsynsplan for 2020-2027.

Søknad om utsleppsløyve for avløpsanlegg

Søknad om utsleppsløyve for avløpsanlegg skal behandlast av kommunen innan seks veker, dersom søknaden er fullstendig etter reglane i forureiningsforskrifta. Det kan vere lurt å be om rettleiing frå saksbehandlar før søknaden blir sendt inn.

Sjå informasjon om søknad om utsleppsløyve. (PDF, 77 kB)

Last ned søknadskjema for utfylling, og send inn via e-post eller post.

Søknadsskjema for utsleppsløyve for avløpsanlegg (PDF, 888 kB)

 

Gebyr

Gebyr for kommunen sitt arbeid med forureining er fordelt på saksbehandling og tilsyn. Gebyrsatsane aukar med storleiken på avløpsanlegget. Alle som eig eit avløpsanlegg får eit årleg tilsynsgebyr som til saman skal dekke kommunen sine kostnader med tilsyn.

Tømming av slam

Tømming av slam frå avløpsanlegga blir utført av Norva24 på oppdrag frå Sunnfjord Miljøverk IKS. Når ein tank blir tømd, vil synlege feil og manglar ved avløpsanlegget blir notert og rapportert vidare til kommunen. Ut i frå ei risikobasert vurdering avgjer så kommunen om det er nødvendig med fysisk kontroll av anlegget, eller om det er nok å pålegge feilretting direkte.


Frå 1. januar 2021 har Sunnfjord Miljøverk ansvaret for kundebehandling og fakturering av gebyr for slam og renovasjon.