Sunnfjord kommune

Natur og miljø

Natur og miljø

Miljøvern i kommunen

Sunnfjord kommune jobbar for å ta vare på den flotte naturen vår. På denne sida finn du informasjon om tiltak og verkemiddel.

Reint vatn

Gjennom Sunnfjord vassområde held vi oversikt over vasskvaliteten i alle fjordar, elver, bekkar, vatn og grunnvatn. Kommunen forvaltar miljøtilskotsordningar i jordbruket, behandlar utsleppsløyver og fører tilsyn med forureinande aktivitet som kan påverke vassmiljøet. På kartet i Vann-nett kan du klikke på di lokale elv og lese om miljøtilstanden.  

Rein natur

Gjennom Sunnfjord Miljøverk IKS får innbyggarane høve til å sortere alt avfall frå hushaldet. Miljøverket tek også i mot næringsavfall, slam frå private og kommunale avløpsanlegg og spesialavfall. Kommunen fører tilsyn med forureinande aktivitet, for å hindre at miljøgifter og avfall kjem ut i naturen.

Naturmangfald

Store naturverdiar frå fjord til fjell blir forvalta gjennom kommuneplanar, plan- og bygningslova og eit breitt regelverk innanfor landbruk og miljø. Du finn meir informasjon på Miljøstatus og Fylkesatlas

Klimaomstilling

Kommunen jobbar for å redusere klimagassutsleppa med minst 40 % fram mot 2030. Meir om måla og tiltaka i klimaomstillingsplanen finn du her

Har du spørsmål?

Ta kontakt med: 

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 21
Mobil 926 58 166

Klima og miljø.