Sunnfjord kommune

Gardskart - kontinuerleg ajourhald av AR5

Gardskart - kontinuerleg ajourhald av AR5

Synfaring av jordbruksareal

Kva er gardskart?

AR5 er eit arealressurskart, som viser areal etter arealtype, skogbonitet, treslag og grunnforhold. Det vil seie markslag som fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Opplysingane i gardskartet er grunnlag for utbetaling av ulike tilskot i landbruket.

Her finn du gardskart 

Søk opp eigedom på NIBIO sitt gardskart

Endringar i markslag – meld i frå seinast 1. juni

Har du areal du ynskjer å endre i gardskartet, til dømes ved nydyrking eller beiterydding, må du melde i frå til kommunen seinast 1. juni. Du melder i frå ved å sende kart, der arealet du vil ha synfart er teikna inn. Kart med innteikna endringar sender du til oss i posten eller på e-post til postmottak@sunnfjord.kommune.no Kom innom eit av tenestetorga, dersom du treng hjelp med å skrive ut kart.

Kvifor frist?

Kommunane har frist til å oppdatere gardskartet i slutten av august. For at vi skal rekke synfaring, oppmåling og oppdatering i kart, treng vi innspel innan 1. juni. Innmarksbeite bør også synfarast tidleg i vekstsesongen, for å vurdere krav til beitetolande urter og gras. Seinare på hausten kan plantane tape seg, og du kan risikere å ikkje få godkjendt innmarksbeitet ditt.

Kva om eg melder i frå om endring av areal etter fristen?

For å vere sikker på å få areala registrert i gardskartet, same år som endringa skjer, må du melde i frå seinast 1. juni. Dersom du melder i frå etter fristen, risikerer du at gardskartet ikkje vert oppdatert før neste år. Det er mogleg, i visse tilfelle, å gjere endringar etter fristen. Det er likevel ikkje ynskjeleg, fordi endringa vil krevje meir ressursar, sidan oppdateringa skjer manuelt. 

Har du spørsmål?

Du finn informasjon om kontinuerleg ajourhald på nettsida til NIBIO.

Kontaktpersonar

Kontakt

Anne Fetveit
Saksbehandlar på landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 72 61 22

Tilskot i jordbruket, gardskart.

Linn Hovlandsdal
Saksbehandlar på landbruk og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 34

Deling, konsesjon, gardskart, bakkeplanering, tilskot i jordbruket.