Sunnfjord kommune

Eigedomsoverdraging

Eigedomsoverdraging

Skal du overta fast eigedom ved arv, gåve, kjøp eller stifting av bruksrett over 10 år, er overtakinga i utgangspunktet konsesjonspliktig. Det er fleire unntak frå konsesjonsplikta, der du kan levere eigenfråsegn om at du ikkje treng konsesjon. 

Konsesjonsfridom – eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Dei fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonfrie. Det betyr at du ikkje treng å søkje om konsesjon når du overtek eigedommen. I staden leverer du eigenfråsegnskjema om at du ikkje treng konsesjonsfridom. Du leverer eller sender ferdig utfylt eigenfråsegnskjema til Sunnfjord kommune. Rettleiing for utfylling står på baksida av skjemaet. Du kan også kontakte tenestetorga for rettleiing.

Du finn skjema, LDIR-360, eigenfråsegn om konsesjonsfridom finn du på Landbruksdirektoratet si nettside.

Sjå skjema LDIR-360

Etter at Sunnfjord kommune har stadfesta at overdragina av eigedommen er konsesjonsfri, kan du sende skøyte til Statens kartverk for tinglysing. 

Har du spørsmål om eigenfråsegn?
Kontakt tenestetorget i Førde:  57 72 20 00 

Konsesjon 

Dersom overdraginga er konsesjonspliktig, må du søkje om konsesjon. Konsesjonspliktige eigedommar er typiske landbrukseigedommar over ein viss storleik. Du må og søkje om konsesjon dersom du overtek landbrukseigedom som har lovbestemt buplikt (frå nær familie), men du ikkje skal busetje deg på eigedommen. 

Du finn skjema, LDIR-359,  søknad om konsesjon på Landbruksdirektoratet si nettside.

Sjå skjema LDIR-359

Har du spørsmål om konsesjon?
Kontakt Linn Hovlandsdal eller Joar Helgheim

Handsamingsgebyr
Gebyr for handsaming av konsesjonsaker er 5 000 kr i fylgje prisbok 2021.

Buplikt

Det er to former for buplikt i Sunnfjord kommune:

  • Lovbestemt buplikt gjeld når du overtek landbrukseigedom frå nær familie, og eigedommen er over 35 dekar dyrka og/eller 500 dekar produktiv skog.
  • Buplikt kan setjast som vilkår for konsesjonen.
  • Les meir om buplikt

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00