Sunnfjord kommune

Deling etter jordlova

Deling etter jordlova

Dyrka og dyrkbar jord er ein grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Dersom eigaren av ein landbrukseigedom ynskjer å bruke dyrka jord til anna enn jordbruksproduksjon, må det søkjast om løyve.

Deling 

Dersom eigar av ein landbrukseigedom ynskjer å overdra delar av eigedomen til andre, til dømes ei tomt, må det søkjast om løyve deling etter jordlova. Søknad om løyve til deling av landbrukseigedomar skal sendast til kommunen der eigedomen ligg. Kommunen avgjer søknaden. Vedtaket kan påklagast til Statsforvaltaren i Vestland.

Korleis søkje

Her finn du meir informasjon om deling av eigedom.

Meir informasjon

Les meir om deling på Landbruksdirektoratet si nettside

 

Omdisponering

Dersom eigar av landbrukseigedom ynskjer å omdisponere delar av dyrka eller dyrkbar jord, til dømes ved å setje opp bilgarasje, må eigar søkje om løyve til omdisponering. I utgangspunkt er det forbod mot å omdisponere dyrka eller dyrkbar jord, men kommunen kan gje dispensasjon i særlege høve.

Korleis søkje?

Du sender grunngitt søknad til kommunen. I søknaden opplyser du kva som er føremålet med omdisponeringa, kvifor det er naudsynt å omdisponere, og oppgjev storleiken på arealet du vil omdisponere. Du sender kart der arealet du ynskjer å omdisponere er avmerka.

Meir informasjon

Les meir om omdisponering på Landbruksdirektoratet si nettside

 

Driveplikt

Grunneigar har driveplikt på jordbruksareal. Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Driveplikta kan oppfyllast ved vekkleige. Jordleigeavtalen skal vere skriftleg, og gjelde for 10 år om gongen. Du skal sende kopi av jordleigeavtale til kommunen. 

Meir informasjon

Les meir om driveplikt på Landbruksdirektoratet si nettside

 

Lover og retningslinjer

 

Kontaktpersonar på eininga landbruk og miljø

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00