Sunnfjord kommune

Klimatilpassing

Klimatilpassing

Sunnfjord kommune – smartare, tryggare og grønare. Korleis kan vi tilpasse oss klimaendringar og auka naturfare?

Forventa endringar i klima for Sogn og fjordane frå perioden 1971-2000 til perioden 2071-2100

Hydrologiske forhold og naturfarar som kan ha verknad for samfunnstryggleiken. Figurane under er henta frå Klimaprofil Sogn og Fjordane frå 2017.

 

    Les om forventa klimaendringar i vår region

    Les om korleis vi kan tilpasse oss klimaendringar


    Er det trygt der eg bur og ferdast?

    Sunnfjord kommune jobbar kontinuerleg for at samfunnet skal vere så trygt som mogleg. Alle arealplanar og byggesaker blir vurdert med omsyn til naturfare og blir berre tillate dersom det er akseptabel risiko. Der vi manglar kunnskap om naturfare og risiko, stiller vi krav om kartlegging og førebyggjande tiltak.

    Aktuelle lenkjer:

    • Varsom.no på internett og mobil-app gir deg varsel om auka fare for styrtregn, flaum, skred og ekstremvêr.
    • Naturskadeordninga  om du er råka av ei naturulukke. Statens naturskadeordning gir erstatning for skadar på objekt det ikkje er mogleg å forsikre gjennom vanleg privat forsikring.
    • NVE Atlas viser deg ulike naturfarar som er registert i eit område. Du kan til dømes søkje på adressa di, under ‘Info og søk’ i toppmenyen. Vel aktuelle tema under ‘Naturfare’ i venstremenyen. 

    Flaum

    Førde by, tettstadane Naustdal og Sande og Viksdalen sentrum er kartlagt for flaumfare. Andre stadar i kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle vassdrag har ei aktsemdsone som seier noko om potensialet for flaum. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

    Jord-, flaum- og sørpeskred

    Tidlegare Førde og Jølster kommunar, og eit område på Sande er kartlagt for skredfare. Andre stadar i kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle bratte fjellsider og hellingar har ei aktsemdsone som seier noko om potensialet for skred. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

    Havnivå

    Dalsfjorden og Førdefjorden er vurdert for både middelhøgvatn og stormflonivå i dag og i framtida.

    Kvikkleire

     Eitt område ved Angedalsvegen i Førde er kartlagt for kvikkleire. Andre stadar i kommunen er ikkje kartlagt i detalj, men alle område under marin grense har potensiale for kvikkleire. I desse områda må ein ofte kartlegge meir for å seie noko om den verkelege faren.

    Sunnfjord kommune deltek i fleire prosjekt om klimatilpassing:

    • Trygg Elv – identifisering og sikring av kritiske punkt i vassdrag med omsyn til flaum og skred. Forskingsprosjekt i regi av NTNU og NVE i samarbeid med fleire kommunar. Sommaren 2021 vil studentar gjere feltarbeid i nokre utvalde vassdrag.
    • Klimarevisjon av reguleringsplanar – analyse av eksisterande arealplanar i høve til om infrastruktur og tiltak er dimensjonert godt nok i lys av klimaendringar og framtidige naturfarenivå. Prosjekt i regi av kommunen i samarbeid med Asplan Viak i 2020-21.
    • Medverknad i klimatilpassing – utvikling av metodar for å sikre god medverknad frå innbyggjarar i kommunale prosessar der tilpassing til klimaendringane er eit viktig tema. Forskingsprosjekt i regi av Vestlandsforsking, NORADAPT og NORCE i samarbeid med Kinn og Osterøy kommunar og Vestland fylkeskommune i 2021-2024.
    • Prosjekt vernskog – vurdering av skog som vern mot ras og korleis slik skog bør skjøttast.

    Kontakt

    Truls Hansen Folkestad
    Rådgjevar klima og miljø
    E-post
    Telefon 57 71 85 21
    Mobil 926 58 166

    Klima og miljø.