Sunnfjord kommune

Klimaomstilling

Klimaomstilling

Smartare, tryggare og grønare. Klimaomstilling handlar ikkje berre om utsleppskutt, men også om samfunnsendring og korleis vi tilpassar oss til framtida.


Redusere klimagassutsleppa med minst 40 % innan 2030

Dette er hovudmålet i Sunnfjord kommune sin klimaomstillingsplan for 2019-2030 . Saman med planen følgjer eit handlingsprogram med 31 tiltak som kommunen vil prioritere dei første åra.

Sjå klimaomstillingsplanen Sjå handlingsprogram

 

Klikk for stort bilete   

Klimafotavtrykket er det samla utsleppet vårt: Både direkte utslepp innanfor kommunegrensene, og utsleppa som følgje av at vi kjøper produkt som er laga og transportert frå andre stader, og frå reisene våre til inn- og utland.

 Jordbruk, vegtransport, bygg og anlegg er dei største kjeldene til direkte utslepp i Sunnfjord kommune. I kommunen si eiga verksemd er dei største utsleppa frå transport og innkjøp av varer og tenester til kommunale bygg og anlegg.

Klikk for stort bilete 

Klimaprosjekt i Sunnfjord kommune

Klimatilpassing

Korleis kan vi tilpasse oss klimaendringar og auka naturfare? 

Les om klimatilpassing

Klikk for stort bilete  

Mobilitetsstrategi

Mobilitetsstrategi er ei analyse av transport og mobilitet i kommunen, utarbeiding av ein strategi for klimavenleg og aktiv transport som kan leggjast til grunn i kommunen sitt arbeid med kommuneplan. Strategien koplar saman ulike tiltak og satsingar, til dømes i Sykkelbyen, Førdepakken, autonom buss og elektrifisering av bilparken.

Klikk for stort bilete  

Autonom buss i Førde

Pilotrute vert på Ytre Øyrane.  Vi ønsker å introdusere og prøve ut sjølvkøyrande buss som framtidig transporttilbod i Førde by. 

Les om autonom buss i Førde

Klikk for stort bilete 

Sirkulære Sunnfjord

Vi vil kartlegge og analysere materialstraumar og identifisere moglege innovasjonar i det lokale næringslivet som kan gi positive klima- og miljøeffektar og regional verdiskaping.

Eletriske tenestesyklar

Det er kjøpt inn 12 el-syklar til bruk ved korte tenestereiser i kommunale einingar og andre offentlege institusjonar. Kommunen samarbeider mellom anna med Høgskulen på Vestlandet om bruk av syklane.

Klikk for stort bilete 

Grøn tråd i bygg og eigedom

Vi ønsker kompetanseheving og innføring av rutinar for grøne val i innkjøp og drift av kommunale bygg.

Klikk for stort bilete 

Ladepunkt for el-bilar

Vi ønsker å etablere av ladepunkt på kommunale parkeringsplassar til både tenestebilar og private. 

Klikk for stort bilete 

 


 

  

Kontakt

Truls Hansen Folkestad
Rådgjevar klima og miljø
E-post
Telefon 57 71 85 21
Mobil 926 58 166

Klima og miljø.