Sunnfjord kommune

Tilskot til kulturbygg gjennom spelemiddelordninga

Tilskot til kulturbygg gjennom spelemiddelordninga

Det er fylkeskommunane som forvaltar denne ordninga for Kulturdepartementet, og kommunane skal sikre at søknadane fyller dei formelle krava og gje uttale om behovsvurderinga før dei overfører søknadane til fylkeskommunen.

Les meir om ordninga på fylkeskommunen sine heimesider: Tilskot til kulturbygg i Vestland - Vestland fylkeskommune

Gjennom ordninga med spelemidlar kan det gjevast tilskot til:

  • kulturhus
  • fleirbrukslokale 
  • spesiallokale for kunst og kultur
  • bibliotek
  • bygg for museum 
  • andre kulturverntiltak
  • scenekunstlokale
  • konsertsal 
  • formidlingslokale for biletkunst

Søknadsfristar

  • Søknadsfristen inn til Sunnfjord kommune er 1.mars.

Kommunen går gjennom søknadane og innhentar eventuell manglande vedlegg og informasjon frå søkar, før søknaden blir sendt vidare til fylkeskommunen innan 30. april.

Korleis søker du

Søkjar skal sende inn søknaden med alle vedlegg elektronisk på www.anleggsregisteret.no/kulturanlegg/, via kommunen der kulturbygget ligg. Søkjar har ansvar for at søknaden er i orden, inklusiv alle vedlegg, ved innsending til kommunen.

Ta kontakt med kommunen for om det er noko du lurer på.

Kontaktpersonar