Sunnfjord kommune

Tilskot frå fiske- og friluftslivsfond

Tilskot frå fiske- og friluftslivsfond

Tidlegare Jølster kommune oppretta to fond som det er mogleg å søke om tilskot frå; Jølstrafondet og Kjøsnesfjordfondet. Du søker på same skjema for begge fonda. 

Jølstrafondet og Kjøsnesfjordfondet

Jølster kommunestyre vedtok 28. mars 2019 retningslinjer for kva fonda kan gi støtte til. 

Kven kan søke om støtte frå fonda?

  • Lag og organisasjonar, einskildpersonar eller kommune. 
  • Det er eit krav at tiltak eller prosjekt er lokalisert i Jølster (innanfor kommunegrensa av 2019) eller langs Jølstra. 

Kva kan fonda gi støtte til?

Fonda kan gi støtte til: 

  1. Fiskekultivering
  2. Tilrettelegging for, og fremjing av, fritidsfiske- og friluftslivsaktivitetar
  3. Vilforvaltning

Tiltaka som får støtte skal kome ålmenta til gode. Det vert ikkje gjeve tilskot til medlemsaktivitet i lag og organisasjonar. 

Slik søker du

Du brukar same søknadsskjema for begge fonda. 

Søknaden må innehalde:

  • omtale av tiltaket/prosjektet det vert søkt støtte til
  • opplysningar om kven som står bak søknaden
  • budsjett og finansieringsplan for tiltaket/prosjektet

Når lag eller organisasjonar søker er det krav om at (laget/organisasjonen) sitt siste godkjende årsrekneskap og-balanse vet lagt ved. 

Søk om tilskot frå Jølstrafondet eller Kjøsnesfjordfondet

Søknadsfrist

Det er to søknadsfristar i året:

  • 1. mars og 1. september

Vilkår for støtte frå fonda

  • Tilskotet fell vekk dersom tiltak/prosjekt ikkje er gejnnomført innan 2 år frå løyvingsdato.
  • Det er krav om skriftleg dokumentasjon på gjennomføring før utbetaling av tilskot. Kva type dokumentasjon skal gå fram av vilkår for løyving.
  • Dersom det vert oppdaga at tilskot er betalt ut på grunnlag av falsk dokumentasjon vert tilskotet krevd tilbake. 

Spørsmål?

Ta kontakt med Solfrid Trå om du har spørsmål om fonda. 

Kontakt

Solfrid Trå
E-post
Telefon 57 72 61 24