Sunnfjord kommune

Kulturmidlar og driftstilskot

Kulturmidlar og driftstilskot

Frivillige lag og organisasjonar som har aktivitetstilbod kan søke kommunen om kulturmidlar/driftstilskot. 

Kven kan søke om kulturmidlar?

Frivillige lag og organisasjonar som har aktivitetstilbod innan kultur, idrett og friluftsliv i Sunnfjord kommune. Tiltak for barn og unge vert prioritert. 

Kva kan du søke om?

  • Drift av lag og organisajonar innan kultur, idrett og frilufsliv.
  • Arrangement og andre aktivitetstiltak.
  • Nærmiljøtiltak.
  • Andre tiltak innan kultur, idrett og friluftsliv. 

Krav til søknaden

  • Informasjon om søkar.
  • Skildring av aktiviteten / tiltaket det vert søkt om.
  • Budsjett for aktiviteten / tiltaket det vert søkt om.
  • Søker du om driftstilskot er det krav om å legge ved årsmelding og rekneskap for siste driftsår.

Andre vilkår til søkarar

  • Frivillige lag og organisasjonar må vere registrert i Brønnøysund - Frivilligregisteret.
  • I informasjon og annonsering skal det gå fram at tiltaket er støtta av Sunnfjord kommune.
  • Mottakarar av arrangementsstøtte pliktar å ha fri tilgjenge for personar som har følgekort.

Det er to ulike søknadsskjema, eitt for driftstilskot og eitt for einskildarrangement/prosjekt. 

Driftstilskot

  • Søknadsfristen er 1. mars kvart år 

Søk om kulturmidlar  - driftstilskot 

Einskildarrangement og prosjekt

  • Det er to søknadsfristar i året: 1. mars og 1. september

Søk om kulturmidlar - arrangement og prosjekt

Rapportering 

Det er krav om rapportering på tilskotsmidlane. 

  • Arrangement og andre tiltak: Skriftleg rapport og rekneskap skal sendast snarast råd etter at tiltaket er gjennomført. 
  • Driftstilskot til lag og organisasjonar: Signert årsmelding og rekneskap for tilskotsåret skal sendast kommunen. 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med kommunalsjef for kultur og idrett Hilde Bjørkum om du har spørsmål eller treng meir informasjon. 

Kontakt

Hilde Bjørkum
Kommunalsjef for kultur og idrett
E-post
Telefon 57 61 27 07
Mobil 909 19 933