Sunnfjord kommune

Fritidskort for barn i Sunnfjord kommune

Fritidskort for barn i Sunnfjord kommune

Barn og fotball - Klikk for stort bileteSunnfjord kommune har ei fritidskort-ordning som gir støtte til fritidsaktivitetar for barn og unge i husstandar med samla brutto årsinntekt under 560 000 kroner.

Kva er fritidskort? 

Fritidskortet er eit tilbod til born og unge i låginntektsfamiliar med bustadadresse i Sunnfjord kommune. Kvart barn kan få ein gratis fritidsaktivitet kvart år.  

Fritidskortet bidrar til å dekke utgifter til medlemskap og aktivitetsavgift i kor, korps, idrett, 4H eller liknande. Aktiviteten må skje minst 10 gongar i løp av ein sesong.

Kven kan få fritidskort?

Fritidskortet er for born og unge i husstandar som har ei samla brutto årsinntekt på under 560 000 kroner. Føresette må gje skriftleg stadfesting på at familien er i målgruppa for ordninga.  Dette kan du gjere når du melder barnet på aktiviteten.

  • Eit fritidskort tilhøyrer kvart enkelt barn. Det kan ikkje bli overført til søsken eller andre barn.
  • Fritidskortet gjeld for barn og unge frå og med 6 til og med 18 år.

Korleis får eg fritidskort til mine barn?

Fritidskortet er digitalt og du kan hente det på aktivitetskalenderen til Sunnfjord kommune. Føresette lagar ein profil i eige namn og følgjer rettleiinga for å hente fritidskort for kvart barn.

Her finn du fritidskortet

Sidan fritidskortet er ei heilt ny ordning i Sunnfjord kommune, så kan det ta nokre veker før arrangørane har registrert seg slik at du finn dei i aktivitetskalenderen. Er det arrangørar du saknar i kalenderen, så tips dei gjerne direkte og oppmod dei om å registrere seg. 

Nyttige lenker

Har du spørsmål eller treng hjelp? 

Finner du ikkje aktiviteten du ønsker i aktivitetskalenderen til kommunen eller har andre spørsmål, så ta kontakt: 

Treng du låne utstyr?

BUA Sunnfjord har korttids utlån av utstyr til sport og fritid gratis.

Les meir om BUA


Er du arrangør av aktivitetar? 

Dette er kriterie til arrangørar:

  • Du må registrere deg som arrangør i aktivitetskalendaren til kommunen om du ikkje alt har ei side der. Her kan du registrere deg som ny arrangør
  • Du må legge til fritidskortet på arrangørsida di i aktivitetskalendaren.
  • Aktiviteten må føregå minimum 10 gonger i løp av sesongen, og strekke seg over fleire månader.
  • Aktiviteten må vere for barn og unge mellom 6-18 år. 
  • Barna må få prøve aktiviteten før dei binder seg.
  • Trenarar / aktivitetsleiarar skal ha gyldig politiattest. Dette gjeld for alle som jobbar direkte med barn og unge.
  • For kvart barn mottar arrangør 800 kroner frå kommunen kvart år, for å dekke alle utgifter knytt til aktiviteten. Kostnader utover dette må arrangør dekke. Gjeld ikkje personleg utstyr.