Ungdomsrådet sine midlar for barn og ungdomUngdomsrådet vil bidra til auka aktivitet og trivsel for barn og ungdom i Sunnfjord kommune. Ungdomsrådsmidlane er ein enkel måte å søke om tilskot som kjem barn og ungdom til gode. Ungdomsrådet sine midlar Sunnfjord ungdomsråd får tilskotsmidlar i årleg budsjett som dei skal fordele til gode tiltak for barn og ungdom i kommunen. I 2023 skal ungdomsrådet tildele 70 000 kr. Halvparten av midlane vert tildelte i mai, og resten vert reservert for utdeling i november. Sjå retningslinjer for tildeling av midlar frå ungdomsrådet Kva kan du søke om støtte til? Prosjekt for barn og ungdom Rusfrie arrangement eller aktivitetstiltak for barn og ungdom Utstyr retta mot aktivitet for barn og ungdom Andre tiltak som betrar oppvekstmiljøet for barn og ungdom Midlane er retta mot mindre eingongsinvesteringar, ikkje generell drift. Kven kan søke? Privatpersonar, elevråd eller andre lag/organisasjonar kan søke om støtte. Midlane skal gå til tiltak for barn og ungdom mellom 6 og 20 år Barn og/eller ungdom skal delta i planlegging og gjennomføring av tiltaket. Søknadsfrist Ungdomsrådet skal tildele rundt 35 000 kr i møte 8. mai og 15. november 2023. Førstkomande søknadsfrist er 1. mai 2023 Krav til søknaden informasjon om søkar skildring av tiltaket informasjon om finansiering av tiltaket Myndig kontaktperson (dersom søkar er under 18 år) Bruk elektronisk søknadsskjema: Søk om midlar frå ungdomsrådet Mottakar av støtte er forplikta til å bruke tilskotsmidlane innan 1 år sende ein kort rapport, gjerne med bilete, og rekneskap til ungdomsrådet innan 3 månadar etter at tilskotsmidlane er brukt opp informere om støtte frå Sunnfjord ungdomsråd i marknadsføring eller saker om tiltaket Har du spørsmål? Ta kontakt med kommunalsjef for kultur og idrett Hilde Bjørkum om du har spørsmål eller treng meir informasjon. Sist endra 24.04.2023 14.15