Sunnfjord kommune

Barsok

Anbefalt alder:
frå 6- 8 år

Undervisningsstad:
Sunnfjord museum

Skulepengar per halvår:
Gruppekontingent 1.500,-

Om Barsok:
Barsok er namnet på eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord museum og Sunnfjord kulturskule. 

Med Barsok ønsker vi å tilby eit spennande, variert og ikkje minst inspirerande kurs for born frå 6 -8 år. Temaet for kurset er kulturarv og tradisjon frå

Sunnfjord i mange ulike former.

Gjennom året skal vi innom kjente sunnfjordske mattradisjonar, stell av dyr og folkedans. Vi steller til jul og høyrer om mytiske vesen. Vi lærer om norske folkemusikkinstrument og syng kjære lokale songar. 

Barsok er ein unik sjanse for heile familien til å bli (enda) betre kjent med

området de bur i!

Tradisjon og kulturarv frå Sunnfjord

Gruppetilbod for born i 1. - 3. klasse og heile familien.

Tysdagar (45 min) med

  • folkemusikk
  • verkstadar
  • eventyr
  • matlaging
  • dyrestell
  • folkedans

og mykje meir!

Oppstart: Haust 2020

Tilbodet følg skuleåret.

Det blir to grupper med maks 10 born per gruppe.

1. gruppe: 16.45

2. gruppe: 17.45

Lærarar:

Ingrid Schei Stuhaug - distriktsmusikar hardingfele

Nina Renate Brendsdal - formidlingsleiar Sunnfjord Museum

Ole Nilssen: distriktsmusikar trekkspel

Skriv gjerne i søknaden kva for ein gruppe du ønsker.

Så prøver vi å tilpasse det så langt det er mogleg.

Dette tilbodet gjeld heile familien. Det betyr at det er naudsynt med ein vaksen til stades. Du kan gjerne ta med heile familien. Timen er tilpassa born i 1.-3. klasse. Søsken kan bli med etter evne og foreldra er ansvarlege.

Barsok-timane blir gjennomført i Sunnfjord museum sine fine, gamle hus og inneheld også ein del turar i ulendt terreng.

Om namnet Barsok:

Eller St. Bartholomeusmesse vert feira 24. august til minne om apostelen
Bartolomeus. I Sunnfjord var det denne dagen folk reiste heim frå stølen.

På venteliste:
1

Kontaktinformasjon