Sunnfjord kommune

Trekkspel

Anbefalt alder:

frå 3. klasse
7/8 år

Undervisningsstader:
Førde
Vassenden

Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.750,-

Trekkspel på Sunnfjord kulturskule: På kulturskulen jobbar vi mykje med folkemusikk på trekkspel. Vi er og innom ymse anna repertoar - både solo og i samspel. Vi jobbar mest med gehørbasert undervisning, men det er og kjekt å kunne bruke noter, så vi forsøker å jobbe litt med forskjellige metodar. Har du ønskjer for kva du vil jobbe med, så er vi fleksible!

Om instrumentet:

Trekkspelet er eit allsidig instrument som blir brukt i ulike samanhengar i mange sjangarar. Lyden i trekkspelet blir til ved at ein dreg eller pressar luft gjennom ei stemmetunge. Litt som ei slags munnharpe. Knappane vi trykkar på opner for luft til den bestemte tonen. 

Kostnadar: Vi har nokre instrument til leige til 500,- pr. halvår. Om du ønskjer å kjøpe instrument sjølv, så kostar eit nybyrjarinstrument omlag 8 000,-. Ta gjerne kontakt med lærar om du vil kjøpe eige instrument. 
Historie: I Noreg har trekkspelet vore i bruk heilt sidan midt på 1800-talet. Då var trekkspela små og enkle, men utover 1900-talet vart dei større og meir avanserte. I dag er det mogleg å spela all slags musikk på trekkspel - pop, jazz, klassisk, folkemusikk, samtidsmusikk. 

Berømte personar som spelar trekkspel: Frode Haltli, Odd Nordstoga, Jon Faukstad.

6 VEKERS KURS FOR VAKSNE


Med distriktsmusikar Ole Nilssen
Kostnad: 1.200,-
Undervisningsstad: Sunnfjord kulturskule, Førde

Plass til 6 personar
Først til mølla


Vår distriktsmusikar i folkemusikk Ole Nilssen held eit 6-vekers trekkspelkurs for vaksne denne våren.
Målgruppa er vaksne som har spelt litt før og nybyrjarar som ynskjer ein introduksjon i instrumentet.
Gruppa kjem til å vere på maks 6 personar, så her gjeld det å vere rask.

OPPDATERING:
Pga korona-situasjonen er vaksenkurset avlyst.
Vi sett opp nytt kurs når situasjonen tillet det.

Klikk for stort bilete

På venteliste:
1

Kontaktinformasjon