Sunnfjord kommune

Folkedans

Anbefalt alder:
frå 1. klasse
5/6 år

Undervisningsstad:
Førde

Folkedans på Sunnfjord kulturskule:

Hausten 2021 startar vi opp folkedanstilbod i Sunnfjord kulturskule! Vi skal danse mange av dei norske dansane, med fokus på pardans. Ole Nilssen og Ingrid Schei Stuhaug er båe røynde dansarar og dansespelemenn, og skal ha ansvar for undervisninga i Førde.

Folkedanstilbodet vil skuleåret 2021/22 bli sett opp mindre kurs på seks veker - sjå oppsett under. Minimum 6 påmeldte pr. kurs for å gjennomføre kurset.

Undervisningstid:
Onsdagar frå 16.30-17.15

Kurs 1:

Frå skulestart fram til haustferien - 1. og 2. klasse (31. aug-05. okt)

Påmeldingsfrist: 17. august.

Kurs 2:

Etter haustferien fram til jul - 3. og 4. klasse (19. okt-16.des)

Påmeldingsfrist: 05. oktober

Kurs 3:

Etter jul fram til vinterferien - 4. og 5. klasse (11.jan-15.feb)

Påmeldingsfrist: 15. desember

Kurs 4:

Etter vinterferien fram til påske - 6. og 7. klasse (1. mars-05. apr)

Påmeldingsfrist: 15. februar

Kurs 5:

Etter påske fram til sommaren - ope for alle (26.apr-7.jun)

Påmeldingsfrist 12. april

Pris pr. kurs:
750kr

Om folkedans:

Norsk folkedans er ein stor sjanger som byr på mange slags dansar. Pardansen har vore brukt i Noreg i fleire hundre år, og blir fortsatt dansa på ulike sosiale tilstelningar. Reinlender, Springar, Hamborgar og Halling er nokre eksempel. Folkeleg dans er ein sosial dans, og fokuset på varisajonar og samdans står sterkt!

Historie:

Dei eldste folkedansformene i Noreg er ofte rekna for å vera omkring 400 år gamle. Pardansane er litt ulikt oppbygd, etter som kor dansane blir dansa - nett som dialektene våre. I Sunnfjord er det mange ulike dansar og dansemåter som har vore nytta, og dei blir fortsatt dansa mykje i dag. 


Berømte personar som danser folkedans: 
Märtha Louise, Ådne Kolbjørnshus, Margit Myhr, Hallgrim Hansegård.

Lærarar