Sunnfjord kommune

Barsok

Anbefalt alder:
frå 6- 9 år

Undervisningsstader:
Sunnfjord museum

Vi skal vere mest på museet.
Av og til treng vi å bruke andre lokalitetar som Sunde skule sitt kjøkken eller kulturskulen i Førde.

Undervisningstidspunkt:

MåndagTysdagOnsdagTorsdagFredagLaurdagSundag
kl. 17.00

Skulepengar:

3.750,- for heile året (5 temakurs)
750,- for eit temakurs
Prisen gjeld for heile familien.

Om Barsok:

Barsok er eit samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord museum og Sunnfjord kulturskule.  

Med Barsok ønsker vi å tilby eit spennande, variert og ikkje minst inspirerande kurs for born frå 6–9 år – saman med familien.  

Temaet for Barsok er kulturarv og tradisjon frå Sunnfjord i mange ulike former.  

Skuleåret 2021/22 er sett saman av fem enkeltståande temakurs med ulike tema. Kvar del består av seks kurskveldar (tysdagar). De kan følgje ein eller fleire tema, eller vera med på Barsok heile året.
Gjennom året skal vi innom kjente sunnfjordske mattradisjonar, stell av dyr og folkedans. Vi steller til jul og høyrer om mytiske vesen. Vi lærer om norske folkemusikkinstrument og syng kjære lokale songar.
Dette er ein unik sjanse for heile familien til å bli enda betre kjent med området de bur i!  

Gruppetilbod for born i 1. - 4. klasse og heile familien.

Oppstart: Haust 2021

Tilbodet følgjer skuleruta.
Inga undervisning på skulefrie dagar.

Undervisningstidspunkt:

Tysdagar kl. 17.00 - 18.00

  • Temakurs 1: "Ta ei potet!"
    31. aug - 05. okt
  • Temakurs 2: "Snart er det jul"
    02. nov - 07.des
  • Temakurs 3: "Ull er gull"
    11. jan - 15. feb
  • Temakurs 4: "Folkemusikkverkstad"
    01. mar - 05. apr
  • Temakurs 5: "Vår i lufta"
    19. apr - 31. mai

Lærarar:

Ingrid Schei Stuhaug - distriktsmusikar hardingfele

Nina Renate Brendsdal - museumspedagog Sunnfjord Museum

Nadia Romero Nardelli - museumsvert Sunnfjord Museum

Ole Nilssen: distriktsmusikar trekkspel

Dette tilbodet gjeld heile familien. Det betyr at det er naudsynt med ein vaksen til stades. Du kan gjerne ta med heile familien. Timen er tilpassa born i 1.-4. klasse. Søsken kan bli med etter evne og foreldra er ansvarlege.

Barsok-timane blir gjennomført i Sunnfjord museum sine fine, gamle hus, på muséet sine uteområde. Nokre økter har vi også på Sunnfjord kulturskule og på andre stadar i nærleiken.

Om namnet Barsok:

Eller St. Bartholomeusmesse vert feira 24. august til minne om apostelen
Bartolomeus. I Sunnfjord var det denne dagen folk reiste heim frå stølen.

Lærarar