Sunnfjord kommune

Utmelding

Utmelding

Vil du seie opp elevplassen?
Bruk først vår sjekkliste før ev utmelding:

1. Spør kvifor ditt barn ynskjer å slutte. Det kan vere mange forskjellige grunnar for at elevar ynskjer å slutte. Vår erfaring tilseier at dei fleste grunnane går å løyse og komme over, slik at eleven fortsetter.

2. Ta ein telefon til læraren og legg fram situasjonen. Våre lærarar skal vere fleksible og har erfaring med å finne løysingar tilpassa den enkelte elev.

3. De er alltid velkomne til å ta opp situasjonen med rektor eller assisterende rektor.

4. Det er likevel brukaren som til slutt avgjer saka. Vert resultatet utmelding er det viktig at de kjenner til følgjande:

  • All utmelding må skje skriftleg til kulturskulen sin administrasjon. Det er ikkje tilstrekkelig å seie frå til læreren, eller sende melding gjennom SFO, grunnskulen eller andre elevar.
  • Utmeldinga må vere skriftleg med underskrift av ein føresett (eller elev over 18 år). Ein e-post til administrasjonen er i orden.
  • Det er også muleg å utmelde seg via kulturskulen sitt digitale elevregistreringsprogram (SpeedAdmin)Kontakt oss ved problemer med pålogging. 
     

Viktige datoar å hugse på:

  • Skriftleg oppseiing seinast 15.mai dersom du ikkje ynskjer å starte på haustsemesteret. 
    Seier du opp plassen etter denne dato, må du likevel betale for haustsemesteret.
     
  • Skriftleg oppseiing seinast 15.november dersom du ikkje ynskjer å halde fram med vårsemesteret.
    Seier du opp plassen etter denne dato, må du likevel betale for vårsemesteret. 
     

Lenk til våre vilkår