Fløytemasterclass med Lars Asbjørnsen

Dato
Laurdag, 21.05.2022 12.00 - 21.05.2022 17.30
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Masterclass og konsert

Den 21.mai inviterer Sunnfjord Kulturskule alle fløyteinteresserte til å lytte til masterclass med professor Lars Asbjørnsen frå UiT, Noregs Arktiske Universitet i Tromsø.

Masterclass vil seie at undervisninga er open for publikum. Det er elevar og studentar som får undervisning, men alle oppmodast til å ta med instrument og delta i små fellesbolkar med tips og triks.

Det er mogleg det vert ein ledig deltakarplass, ta kontakt med Helga Lied Wyrtz dersom du har fløyteelevar som er interesserte i å spele på masterclass.

Tid: 12.00-17.30
Stad: Sunnfjord Kulturskule, Nordsalen
Entré: Gratis

Søndag 22. mai rundar vi av besøket med ein offentleg konsert der både deltakarar og kurshaldarar opptrer, og her kan ein vente seg perler fra fløytelitteraturen!

Tid: 16.00
Stad: Sunnfjord Kulturskule, Nordsalen
Entré: Gratis

Medvirkande: Kursdeltakarar, professor Lars Asbjørnsen, distriktsmusikarane Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi.

Bioar:

Lars Asbjørnsen vart fødd i Trondheim og studerte i Oslo, Essen og Paris. Han har budd på kontinentet det meste av sitt vaksne liv, og har vore solofløytist i Ulm filharmoniske orkester og Nederlands filharmoniske orkester, samt undervist i fløyte m.a. ved akademiet i Wiesbaden. Lars har vore leiar for Norsk Fløyteforening i ei årrekke, og har knytta kontinentet saman med det norske fløytemiljøet. Han er no kommen tilbake til Noreg som professor i fløyte i Tromsø, og fokuserer på å vere med og bygge opp fløytemiljøet i landet.

Helga Lied Wyrtz er opprinneleg fra Ålesund, og har m.a. studert fløyte ved musikkonservatoria i Århus og Bruxelles. Helga er solofløytist i Opera Nordfjord, og har lang erfaring frå kammermusikkfestivalar i inn- og utland. Sidan 2003 har ho vore tilsett som distriktsmusikar. Ho har delteke på fleire kurs og festivalar både i USA og Europa for å halde seg fagleg oppdatert og kunne bygge eit solid fløytemiljø i Sunnfjord. For tida studerer ho pedagogikk ved Griegakademiet. Ho har også gjort juryarbeid for Spellemannprisen.

Noemi Stasi er ungarsk-serbisk, og vaks opp i Subotica. Ho studerte piano i Novi Sad, Budapest og Oslo. Noemi er sjudobbelt vinnar av den nasjonale, serbiske pianokonkurransen, og har også vunne stipend og andre høgthengunde utmerkingar i studietida. Ho har sidan spesialisert seg ytterlegare med master i kammermusikk og akkompagnement fra NMH, og har også jobba som repetitør for dansarar ved KHIO i Oslo. Ho er tilsett som distriktsmusikar i Sunnfjord sidan 2019.




Lærarar