Kling - lunsjmusikk: ein musikalsk lunsjpause med lefse og kaffi

Dato
Fredag, 01.10.2021 12.00 - 01.10.2021 12.30
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Distriktsmusikarane byr på eit unikt pusterom i travle kvardagar!
Tre fredagar kl. 12—12.30 inviterer dei til gratis lunsjkonsertar av ypparste kvalitet i Nordsalen i nye Sunnfjord kulturskule.
Du får musikk, du får lefse og du får kaffi! Og dette heilt gratis!

27.8.2021
kl. 12
ARTEMIS
Ein musikalsk hyllest til natur og jakt
Julia Gåsvær (trompet), Peter Ryan (valthorn) og Noemi Utasi (piano)

1.10.2021
Kl. 12
MYRTHEN
Songsyklus av Robert Schumann (utdrag)
Christine Marøy (song) og Noemi Utasi (piano)

19.11.2021
Kl. 12
GAMAL JØLSTRING
Slåttar rundt Astruptunet
Ingrid Schei Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel)

Reservering av plassar via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no
Billettpris:
gratis

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule
Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)


___________________________
Litt meir om konsertane:

27.8.2021
kl. 12
ARTEMIS
Ein musikalsk hyllest til natur og jakt
Artemis er gudinna for villmark og dyreriket i gresk mytologi.
Vi tar deg med i myta om naturen sin herskar og spelar musikk inspirert av jakt, idyllisk landskap og magiske netter. Kven er denne jomfrukvinna som dansar med nymfer i fjell, skog og myr?
Julia Gåsvær (trompet), Peter Ryan (valthorn) og Noemi Utasi (piano)

1.10.2021
Kl. 12
MYRTHEN
Songsyklus av Robert Schumann (1810-1856)
Lunsjkonserten er for kort til å kunne framføre heile verket. Difor vel Christine og Noemi nokon fine songar av syklusen.
Myrthen, (op 25) vart komponert i 1840 og tileigna Robert si kone Clara. Den er ei samling med 26 dikt frå ulike poetar. Mellom dei er Johann Wolfgang von Goethe, Robert Burns, Friedrich Rückert og Heinrich Heine.
Myrthen, ei musikalsk kjærleikserklæring med 26 dikt fylt av sterke, váre, brusande, varme, glade og lengtande kjensler.
Songsyklusen har tatt namnet frå ein blome, som treffande nok blir mykje brukt i brudebukettar: Myrt.
Christine Marøy (song) og Noemi Utasi (piano)

19.11.2021
Kl. 12
GAMAL JØLSTRING
Slåttar rundt Astruptunet
Jølster er eit rikt spelemannsområde, og mange spelemenn har budd i grender ein kan sjå ifrå Astruptunet. Ingrid og Ole spelar og fortel om slåttar og spelemenn frå Astrup si heimbygd.
Ole Nilssen, trekkspel
Ingrid Schei Stuhaug, hardingfele