-
Dato
-
Laurdag, 12.06.2021 12.00 - 12.06.2021 12.30
-
Stad
-
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen
Luna på eventyr
Den vesle jenta Luna vil ut i verda, og med seg har ho fløyta si, som ho kan å spele på. Ho får oppleve mykje og treffe forskjellige dyr, og musikken ho spelar skaffar henne mange vener. Men kva med den skumle dragen, likar han musikk?
«Lunas’s magic flute» er eit musikkeventyr skrive av den slovenske komponisten Blaz Pucihar, og det er fløyteelevar frå Sunnfjord kulturskule som saman med pianist Noemi Utasi framfører verket. Det passar for alle som likar å høyre på både musikk og historier!