Lyarscena - ein konsertserie: Changing years - Sounds of a Century

Dato
Torsdag, 04.03.2021 19.00 - 04.03.2021 20.00
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

4.3.2021
 kl. 19.00

Changing Years
Sounds of a Century

Gitarmusikk frå det 20. århundre. Frå det melodiske til det atonale.


Det 20. århundret er det raskast skiftande århundret på dei fleste felt;
Teknologi, mote, medier og sjølvsagt kunst.

Utviklinga skjer på få år, og det som var gjeldande i går er no plutseleg gammaldags. Samtidig som det skjer mange nye ting, er det òg stort fokus på fortida, og mange lar seg

inspirere av denne.

I musikken høyrer vi tydeleg dette. Musikken har fått nye klangar og uttrykksformer, men ofte høyrer ein ny musikk med gammal klang.

Jacob Wyrtz, gitar

Etter ein suksessrik første runde med 4 konsertar hausten 2020 er vi no glade for å kunne invitere deg til å bli med på fortsetjinga!
Det blir 4 ulike konsertar fordelt utover våren. Her finn du musikkopplevingar for ein kvar smak. Vi er svært nøgde med korleis vi klarte å glede publikummet vårt med eit variert og spanande musikkutval trass for strenge smittevernreglar. 


Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  

Lyarscena kjem frå ordet «å lyde» som betyr «å lytte».

Konsertdagar:

4. mars:          Changing Years - Sounds of a century, Jacob Wyrtz, gitar 

18. mars:         Operaperler, Christine Marøy og Eivind Kandal, song, Julia Gåsvær, trompet og Noemi Utasi, piano 

27. mai:           Tonar frå Sunnfjord, Henri Eftevand, fiolin og Andreas Løken Taklo

3. juni:             I det grønaste graset, Helga Lied Wyrtz, fløyter og  Thomas Aanonlie, slagverk 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris: 

150 kr for vaksne
50 kr for born
0 kr for kulturskuleelevar

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)