Stillelåt: Straumsnes grendahus, Fjaler

Dato
Onsdag, 04.11.2020 19.00 - 04.11.2020 20.00

KONSERT PÅ STRAUMSNES GRENDEHUS
onsdag 4.november kl. 19.00


Distrikts-folkemusikarane Malin Alander (song), Ingrid Stuhaug (hardingfele) og Ole Nilssen (trekkspel) framfører stemningsfull musikk.
Stillelåten var tradisjonelt knytt til det som må ha vore ei høgtidsstund prega av ettertanke, alvor, vemod, spenning, framtidsvon og eksistensielle tankar om livet og kjærleiken: Musikk framført medan brura vart pynta – då skulle alle som såg på vere heilt stille.


I denne konserten er det inga brur som skal pyntast, men Alander, Stuhaug og Nilssen vil med instrumenta og musikken sin skape stemningar som kan kalle fram noko av det same kjenslespekteret.


Normale smittevernreglar gjeld.
Billett 200kr ved inngangen, Vipps/kontant/giro


Lærarar