Lyarscena - ein konsertserie: Beside the stream

Dato
Torsdag, 22.10.2020 19.00 - 22.10.2020 19.45
Stad
Sunnfjord kulturskule, 2. etasje - rom 225 - Nordsalen

Det som finst på utsida kan vere minst like vakkert som det som fann vegen inn i hovudstraumen. Helga Lied Wyrtz (fløyte) og Noemi Utasi (piano)

Det finst alltid ein hovudstraum, og det finst dei tinga som er utanfor den, også i musikken. Enkelte komponistar er utanfor fordi dei ønskte å distansere seg frå etablissementet, andre fordi dei hadde omstenda mot seg.
Noemi Utasi og Helga Lied Wyrtz utfordrar dei trygt posisjonerte komponistane frå kjernerepertoaret, og lovar skinande vakre verk som ikkje er framførte i Sunnfjord før.

Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.  

24. september: «Svart-kvitt» Innviing av det nye flygelet 
22. oktober: «Beside the Stream», Helga Lied Wyrtz og Noemi Utasi 
05. november: «Stillelåt» Folkemusikkonsert 
26. november: Kammermusikk «Schubert med krydder» 

Billettane blir seld via Førdehuset sitt billettsystem.
www.fordehuset.no

Billettpris:                     
150kr for vaksne                 
50kr for born                 
0 kr for kulturskuleelevar

Konsertstad:
Nordsalen, Sunnfjord kulturskule, Angedalsvegen 5 
(mellom Førdehuset og Ungdomsskulen)