Jul i Førdehuset

Jul i Førdehuset

Også i år skal vi ha vår tradisjonelle Jul i Førdehuset.
19. desember blir det igjen julestemning i Førdehuset – denne gongen i ein koronatilpassa variant!

Laurdag den 19. fyller vi Førdehuset med julemusikk, juleforteljing og julefilmar.

Sunnfjord kulturskule skal ha fleire korte gratiskonsertar både i Festsalen og i kulturskulen sine eigne salar.

Kulturskuleelevane skapar julestemning med vakker musikk. Kino Førde viser ulike julefilmar heile dagen og du kan kjøpe julegraut i kafeen.

Jens og julehefta: Familiekåseri med Jens Brekke på eventyrrommet.
I dette familiekåseriet fortel Jens om jula slik han hugsar den. Vi får høyre eventyr og synge songar frå julehefta. Nostalgi for dei store, magi for dei små.

Elles er biblioteket og svømmehallen open.

Det passar vel fint å kombinere julekonsert med bading, kåseri, film, graut og/eller biblioteksbesøk?

Sjølvsagt passar vi på å halde avstand, både under konsertane, filmane og i foajeen.

Velkommen til eit julepynta Førdehus frå kl. 11.00 – 16.30

Framsyningar og filmar:
11.00    Konsert i Festsalen v/ Sunnfjord kulturskule
12.00    Konsert i Sørsalen (kulturskulebygget) v/ Sunnfjord kulturskule
13.00    Konsert i Festsalen v/ Sunnfjord kulturskule
13.00 Jens og julehefta: Familiekåseri med Jens Brekke på Eventyrrommet
13.30 "Jul på Kutoppen" Kinoframsyning i Storsalen
14.00 "Brillebjørn feirer jul" Kinoframsyning i Lisjesalen
14.00    Konsert i Nordsalen (kulturskulebygget) v/ Sunnfjord kulturskule
15.00    Konsert i Festsalen v/ Sunnfjord kulturskule
15.00 Jens og julehefta: Familiekåseri med Jens Brekke på Eventyrrommet
15.45 "Gledelig jul" Kinoframsyning i Lisjesalen
16.30 "Dragevokterens jul"

Kinoframsyning i Storsalen
les meir om filmane og kjøp billett
her https://fordehuset.no/kino

billett til Jens og julehefta:
https://www.fordehuset.no/arrangement/jens-og-julehefta-familiekaseri-med-jens-brekke

Vi ber alle som har moglegheit, å melde seg på digitalt til kulturskulen sine konsertar. Dette for å gjere smittesporing enklare og køane ved inngangen kortare.

Reserver plass til julekonsert her:
https://sunnfjord.kommune.no/tenester/kultur-idrett-og-friluftsliv/kulturskulen/praktisk-info/skjulte-sider-artikkler/registrering-som-publikum-til-kulturskulen-sine-julekonsertar/

10.00 – 15.00 Biblioteket er ope
10.00 – 11.15 Svømmehall bolk 1
11.20 – 12.45 Svømmehall bolk 2
13.00 – 14.15 Svømmehall bolk 3
14.30 – 15.45 Svømmehall bolk 4
(hugs å kjøpe billett til svømming: www.fordehuset.no)

11.00 – 16.00 Sunnfjord Cafè & Catering sel julegraut