Sunnfjord kommune

Lokal læreplan piano

Lokal læreplan piano

Kjernetilbod

Innhald:

Introduksjon
Overordna mål
Organisering
Fase 1 mål og innhald
Fase 2 mål og innhald
Fase 3 mål og innhald
Vurdering

 

Velkomen

Læreplanen beskriv innhald og mål for undervisninga ved Sunnfjord kulturskule. Planen set mål for dei ulike stadia i eit undervisningsforløp, men kor lenge den enkelte elev brukar på dei ulike stadia er ikkje tidsbestemt. Utvikling innafor kunstfaga er individuelt og utvikling vil vere høgst ulikt frå elev til elev.

Formålet med opplæringa er å lære, oppleve, skape og formidle kulturelle og kunstnariske uttrykk. Opplæringa skal bidra til danning av born og unge, fremje respekt for andre sin kultur, bevisstgjere eigen identitet, utvikle kritisk refleksjon og utvikle eigen livskompetanse.

Skulen har ingen eksamen eller prøver som avgjer om elevar får fortsette på kulturskulen, men skulen forventar at den enkelte elev følgjer opp undervisninga og er førebudd til timane.

Nokre elevar vel å satse vidare på musikk/dans/drama på vidaregåande og deretter høgare kunstutdanning, medan dei fleste er innom kulturskulen for å ha ein fritidsaktivitet.

Trude Skarvatun
rektor ved Sunnfjord kulturskule

Overordna mål​​​​​​​

Gjennom arbeidet skal eleven

· utvikle og dyrke musikkglede

· ta del i kunstnariske samanhengar

· uttrykke seg sjølv, finne si sjølvstendige stemme og sin eigen klang

· dyrke lagånd via samspel og samarbeid

· oppleve meistringsglede og positiv sjølvutvikling

· oppnå gode ferdigheiter på instrumentet

· bli ein ressursperson som kan bidra til eit levande kulturliv

· få moglegheit til fordjuping som kan danne grunnlaget for vidare musikkutdanning
 

1. Å lytte

2. Å øve

3. Å lese

4. Å framføre/formidle

5. Å skape

6. Kroppskjennskap

 

1) Å lytte til musikk (konsertar, streaming m.m.) er ein viktig del av å oppleve og dele musikkglede. Ein lyttar også når ein øver på å lage fin klang og når ein spelar saman med andre.

2) Å øve er å prøve å vere sin eigen lærar, og å løyse konkrete oppgåver ein har mellom timane.

3) Å lese handlar om å lære notar, og om å tolke musikkuttrykk og teikn så ein kan gjere det ein ser på arket om til lyd.

4) Å framføre og formidle handlar om å dele musikken med eit publikum, og om å bli trygg i den situasjonen.

5) Å skape kan vere å komponere og improvisere sine eigne melodiar og øvingar, utforske eige uttrykk og å arrangere eigne konsertar.

6) Kroppskjennskap er ein viktig del av opplæringa; Kroppsbruk, kroppsmedvit, kroppsleg minne, rytmikk m.m. Å spele eit instrument krevjer at ein repeterer ting mange nok gonger til at kroppen hugsar rørslene. Ein kan ikkje meir enn kroppen kan. Å unngå belastningsskader er også ein viktig grunn til at kroppen er i fokus.

 

Organisering

Undervisinga foregår i Førde, Naustdal, Vassenden, Bygstad, Skei og Sande, og ein har som hovudregel 20 minutt undervisningstid. Dei som syner god innsats over tid kan i samråd med lærar få 30 eller 40 min undervisningtid. Ein elev i fase tre skal ha utvida undervisningstid. Alle elevar høyrer til i ei samspelsgruppe, og med jamne mellomrom byttast enkeltundervisning ut med samspelstimeplan..

Kjerneprogram piano

Opplæringa er delt inn i tre fasar. Det finst ingen fasit på kor lenge ein er i kvar fase, og ein elev kan vere i fleire fasar samstundes, fordi folk har ulike styrkar og utviklar seg heilt individuelt. Desse nøkkel-elementa inngår i alle fasar, og kjem attende med fornya mål og
styrke for kvart nivå.

 

Fase 1

Mål:

· Elev og lærar vert kjend, lærar skaper ein trygg arena for læring

· Kunne spele enkle melodier

· Bli kjend med skalaer som dur og moll

· Eleven får grunnleggande musikkteori (forteikn, taktartar og rytmeverdier t.d.)

· Kunne gjenkjenne rytme og puls i musikkstykke gjennom lytting

· Eleven vert kjend med øvingsstrategiar

· Eleven vert kjend med handstilling og kroppsstilling for piano

· Framføre på konsert (t.d. “Min første huskonsert” og “Jul i Førdehuset”)

Innhald fase 1:

I fase 1 vert eleven kjend med instrumentet, læraren, spelestillingar og grunnleggande musikkteori.
Eleven lærer å varme opp fingrar før speling og å spele enkle
melodiar både gjennom herming og bladlesing.
Vi jobbar med å finne rytme og puls i musikken og grunnleggande
dynamikk i musikken (spele sterkt og svakt).
Eleven får også tilbod om å delta på konserter, og førebuinga det inneber.

Sunnfjord kulturskule tilbyr ikkje øvingsinstrument på piano og føresette må skaffe lærebok etter avtale med lærar.

 

Fase 2

Mål:

· Kunne spele mellomlange stykker av variert karakter og sjanger

· Få erfaring i samspel med andre

· Opptre på konsertar

· Kunne improvisere enkle melodiar med utgangspunkt i skalaer eller akkordrekker

· Kunne komponere enkle melodier og spele dei

· Meistre og veksle mellom ulike grunnleggande teknikkar

· Utvikle fingerstyrke og spele instrumentet med ein avslappa, effektiv teknikk

· Kunne herme etter lengre rytmiske og melodiske sprang

· Kunne spele enkle stykker prima-vista med begge hender (bladlesing)

· Vere kjend med plassering av noter i tostrøken oktav (F og G-nøkkel)

· Ha kjennskap til kvintsirkelen

Innhald fase 2:

I denne fasen er det meir fokus på musikalsk identitet.
Eleven arbeider med mellomlange stykke med ulik karakter og formidling i musikken. Sentrale arbeidsområder i denne fasen handlar t.d. om artikulasjon, antsats og dynamikk i musikken, men også å planlegge frasar og flyt.
Læraren deler sin kunnskap om epokar, historikk og framføringstradisjon til verket.
Eleven vert også oppfordra til å spele firhendig med enten lærar eller ein annan elev.
Det vert også jobba med framføring; konsentrasjonen før og i framføringa, og å ta i mot applaus.
Eleven kan også ta del i kreative prosessar rundt framføringar, som å lage program og å vere med å gjere i stand.
Vi jobbar med hugsereglar og notering rundt kvintsirkelen, samt til akkordfunksjonar og besifringsspel.

 

Føresette må skaffe lærebok etter avtale med lærar.

Fase 3

Mål:

· Kunne kommunisere med medmusikantar i samspel og kommunisere via kroppspråk og beveging

· Kunne framføre musikk i ulike stiler

· Kunne arbeide sjølvstendig med å ferdiggjere musikkstykke til framføringar

· Planlegge og gjennomføre produksjonar saman med lærar, medmusikantar og andre elevar

· Opparbeide eit variert og tilpassa repertoar

· Arbeide med etydar i tillegg til solostoff

· Kunne ta i bruk eit vidt spekter av pianoteknikkar for å formidle musikken med fridom og intensjon

· Ha kjennskap til anatomi og kunnskap om hvordan unngå spenninger og feilbelastning

· Gjenkjenne og meistre ulike rytmiske utfordringer som enkel polyrytmikk, vekslande taktarter og skeive taktarter

· Vere i stand til å “plukke” enkle låter/stykker (gjenkjenne akkordar i ein song ved lytting)

Innhald fase 3:

Eleven skal halde fram med måla frå tidlegare fase, men måla vert spissa. På dette nivået er eleven meir sjølvstendig og meistrar mykje på eiga hand, men skal likevel få utfordringar som er med på å utvikle ferdigheitane.
Å oppdage nye komponistar og stykke er eit læraransvar, men eleven vert oppfordra til å utforske. Etydar vert nytta i større grad for å øve fingeteknisk og musikkteknisk på eit finstilt nivå. Eleven i denne fasen er no kjend med mange ulike musikkstilartar og meistrar desse.
På dette nivået kan eleven i større grad ta ansvar i samspel, og arbeide inn stoff med medelevar utan at læraren styrar prosessen.
Om eleven syner interesse kan han/ho sjølv tilpasse, komponere og arrangere musikk.

 

Vurdering:

Eleven skal få konkrete tilbakemeldingar frå læraren gjennom skuleåret som bidreg til progresjon og utvikling. Læraren skal gje nivåtilpassa og individuell tilbakemelding, men eleven skal også vurdere og reflektere over eiga utvikling. På elevsamtale skal eleven vurdere utviklinga si ilag med lærar og føresette.

 

 

Sist oppdatert 26.03.2021

Prosjektgruppe/ generelle tekstar:

Anja Gulbrandsen, driftskoordinator og song– og pianolærar Sunnfjord kulturskule
Helga Lied Wyrtz, distriktsmusikar fløyte og fløytelærar Sunnfjord kulturskule
Kjetil Andreas Nydal, musikkterapeut Sunnfjord kulturskule
Ingrid Schei Stuhaug, distriktsmusikar hardingfele og felelærar Sunnfjord kulturskule

Tekst læreplan piano:
Kjetil Andreas Nydal, musikkterapeut Sunnfjord kulturskule

Utforming og design: Anita Höllige, ass. rektor Sunnfjord kulturskule
Foto: Anita Höllige, David Zadig