Hjarteleg velkomen til kulturnatt i Førde 2021!
Ei fabelaktig samling av kulturorganisasjonar/ utøvarar innan alt frå swing til svele, frå hardingfele til hesteskokasting får de oppleve i Førde sentrum under KULTURNATTA.
Born, unge og vaksne stiller med seriøse og useriøse innslag. Det vert buskspell og blues, karikaturteikning og korpsmusikk, vakker korsang og vaskekte linedance.
Nær 250 kulturpersonar er i sving på same tid, i Førde, i sommarkvelden og byr på gratis opplevingar.
Det gjer godt etter over eit års nedstenging for kulturlivet å igjen få dele gleda over kulturell utfalding. Vi håpar mange har lyst å kome til sentrum denne kvelden.
Vi må likevel be alle som ikkje kjenner seg friske om å halde seg heime, og at de som kjem held avstand til andre utanfor din kohort. Vi registrerer publikum på arrangementa via SMS og ber om at de alle held mobilen klar. Dette er som hjelp ved ein eventuell smittesporing i ettertid.
Fleire arrangement går på same tid og du må velje kva du skal få med deg.
Så ta med deg sykkel/sparkesykkel/segway/rullebrett eller bruk beina så kjem du deg raskt mellom dei ulike arrangementa.
Hjarteleg velkommen!
Arrangert av ein komite som består av:
Trude Skarvatun
Johan Bengtsson
Gro Gunnarson
Anita Höllige
PROGRAM:
RÅDHUSPLASSEN:
(Smittesporing: send sms med kodeord «KULTURNATT RÅDHUSPLASSEN»
til 59 44 44 00 når du kjem fram.)
kl 18 Slåtten skulemusikk
kl 1830 Førde skulemusikkorps og Førde musikklag
kl 19 Vassenden skulemusikk
kl 1930 Gruppe frå Jølster musikklag
kl 20 Sunnfjord janitsjar
18-20 Førde bibliotek - stand (Sommarles, lesetips for sommaren)
18-21 Pikant - matsal
18-21 Kardemomme kaffibar - matsal
18-21 Erketunet gardsbakeri står på Langebrua
FØRDEHUSET/Festsalen
(Smittesporing: send sms med kodeord «KULTURNATT FØRDEHUSET»
til 59 44 44 00 når du kjem fram.)
kl 18 Førde Linedance
kl 1845 Indre Sunnfjord spelemannslag
kl 1930 Sunnfjord juniorspelemannslag
kl 2015 Naustedalen spelemannslag
18-21 Sunnfjord catering - matsal
SUNNFJORD KULTURSKULE
(Smittesporing: send sms med kodeord «KULTURNATT KULTURSKULEN»
til 59 44 44 00 når du kjem fram.)
kl 18 Bandkonsert med kulturskuleelevar
kl 19 Lyarscena—ein konsertserie: I det grønaste graset (Helga Lied Wyrtz, fløyter & Thomas Aanonlie, slagverk)
kl 20 «Vårsår jord» med Christine Marøy, Henri Eftevand og Kjell Ivar Aase
FESTPLASSEN
(Smittesporing: du treng ikkje sende sms når du besøker festplassen.)
Aktivitetar og stand:
18-21 DNT Ung/ Barnas turlag Førde
Førde speidargruppe
4H Sogn og Fjordane
Røde Kors
MEIERIPLASSEN
(Smittesporing: send sms med kodeord «KULTURNATT MEIERIPLASSEN»
til 59 44 44 00 når du kjem fram.)
kl 1830 Korskulen i Førde kyrkje
kl 19 Deciding
kl 1930 Agathe Slettehaug og Oskar Solheim (elevar på Sunnfjord kulturskule)
kl 2030 Angedalen brunnssextett
SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM
(Smittesporing: send sms med kodeord «KULTURNATT KUNSTMUSEET»
til 59 44 44 00 når du kjem fram.)
kl 1815 kl 1845 kl 1915 kl 1945 kl 2015 kl 2045
Omvisning i utstillingssalane
18-21 Café Sobra - matsal
Takterassen: (ved dårleg vær i butikkområdet 1. et.)
kl 18 Song i Fjordane
kl 1830 Buldre mannskor
kl 19 Oktett frå Førde kammerkor
2. etasje:
18-21 Karikaturteikning
3. etasje:
18-21 Digital teikning
Undervisningsrommet:
18-21 Inspirasjonsstasjon: sashiko
Høgsalen:
18-21 Lynomvisning (drop in)
kl 20 Kvinnekoret Kvitre
FØRDE OMSORGSSENTER
(Konsertane er kun tenkt til omsorgssenter sine bebuarar og pårørande. )
kl 17 Førde musikklag (Veglo)
kl 1730 «Vårsår jord» med Christine Marøy, Henri Eftevand og Kjell Ivar Aase (foaje)