Hjarteleg velkomen til kulturnatta i Førde 2019!
Ei fabelaktig samling av kulturorganisasjonar/ utøvarar innan alt frå swing til svele, frå kajakk til korpsmusikk får de oppleve i Førde sentrum under KULTURNATTA.
Born, unge og vaksne stiller med seriøse og useriøse innslag. Det vert buskspell og boogie, Beethoven og Bye (Erik), allsong og trekkspel. Nærare 500 kulturpersonar er i sving på same tid, i Førde, i sommarkvelden og natta og byr på gratis opplevingar.
Vi lovar god stemning og masse energi når korps, kor, dansegrupper, spelemannslag, band, naturvernforbundet, kulturskulen, turlaget, kajakklubben, Førdefestivalen, Røde Kors, Sogn og Fjordane teater, biblioteket, trekkspelgruppe og mange fleire byr på seg sjølve.
Kulturnatta går føre seg både inne og ute:
Førde helsetun, Førdehuset, Førde kulturskule, Førde kyrkje, Rådhusplassen, Ungdomshuset Viking, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Pikant og Nynorskens skog.
Fleire arrangement går på same tid og du må velje kva du skal få med deg.
Ta med deg sykkel/sparkesykkel/segway/rullebrett eller bruk beina så kjem du deg raskt mellom dei ulike arrangementa.
Trude Skarvatun, på vegne av kulturnattkomiteen
Anita Höllige
OVERSIKT PROGRAM:
kl 1815 felles start med korpsoppmarsj frå Helstetunet til Rådhusplassen
kl 19 oppstart framsyningar på fleire arenaer og utover heile kvelden
kl 23 felles allsongkonsert i Nynorskens skog
Bandkonsert fortset inn i dei små timar i Festsalen på Førdehuset
I tillegg vert det pop-up og buskspell
Førdehuset/ Festsalen
kl 19 Ulike band frå Førde kulturskule
kl 2030 Fjordakvinner og Blå resept
kl 21 Jam - open for alle
kl 22 Ole, Dole, Doffen
kl 2230 Motown
kl 23 Old Jacks
kl 2330 Jam - open for alle
kl 0030 Mrs & the Pitifuls Rhythm'n Bluesband
med Idun Losnegård
18-01 Sunnfjord catering - matsalg
Rådhusplassen
kl 19 Førde Linedance
Førde seniordans
Danseverkstedet
kl 20 Førde skulemusikkorps
Slåtten skulemusikk
Vassenden skulemusikk
kl 21 Jølster musikklag
Bygstad brass
Førde musikklag
19-21 Førde bibliotek - Sommarles-konkurranse
18-23 Lokalmat torg - matsalg
Heimtun - matsalg
Nynorskens skog
19-24 DNT Ung, Barnas turlag Førde
Konkurransar, hengekøyer, mat på bålpanne,
stand om klatring og sykkelorientering
og Turboreven kjem!
19-24 Røde kors hjelpekorps patruljerer
Naturvernforbundet
Sunnfjord kajakklubb
19-24 Førdefestivalen - flaggfarging for born,
festivalquiz med premiar,
skramleorkester kvar time
kl 23 Allsongkonsert med Angedalen brunnssextett og forsongarar Trond Brekke, Erik Solheim og Christine Marøy.
Kor og publikum syng
Sogn og Fjordane kunstmuseum
kl 19 Takterrassen: Kvinnekoret Kvitre
kl 1930 Museumsplassen: Boogie-woogie klubben
kl 20 Høgsalen: Beethoven-trio: Henri G Eftevand,
Hans Holgersson, Jon Kristian Bye
kl 20 Takterrassen: Song i Fjordane - korkonsert
kl 2030 Museumstrappa: Kvinnekoret Kvitre
kl 21 Høgsalen: Beethoven-trio
kl 22 Takterrassen: S. og Fj. teater - cabaret
18-23 Café Sobra - matsalg
Førde kulturskule/ Haarklousalen
kl 19 Førde kyrkjekor
Korskulen - dirigent Gro Anthun
kl 20 Poesikonsert m/ Irene Bekken,
Oddvar Etnestad og Øyvind Lyslo
kl 21 Song i Fjordane - korkonsert
kl 2130 Poesikonsert m/ Irene Bekken,
Oddvar Etnestad og Øyvind Lyslo
Førde kyrkje
kl 19 Variert songkonsert med Christine Marøy,
Kjell Ivar Aase og Førde internasjonale kor
- dirigent Erlend Os
kl 20 "Frå gospel til bedehusland"
med Christine Marøy og Kjell Ivar Aase
kl 21 Treblåselevar frå Førde Kulturskule held konsert
Førde helsetun
kl 17 Gruppa "Erlings" - trekkspelkonsert
kl 18 Minikorpskonsert på baksida (Veglo)
kl 1815 Oppmarsj frå Helsetunet til Rådhusplassen
Fokusgården
18-24 Kunstelevar frå Førde kulturskule har utstilling
Pikant
kl 20 Sogn og Fjordane teater - cabaret
Ungdomshuset Viking
kl 19 Thai dans
Dans Uten Grenser
kl 20 Damekoret Cora
Førde seniordansen
Naustedalen spelemannslag
kl 21 Førde Linedance
Indre Sunnfjord spelemannslag