Sunnfjord kommune

Oversikt over tilsette


Distriktsmusikarane

Ansatte i avdelingen Distriktsmusikarane
Namn Tittel Telefon Mobil E-post
Distriktsmusikar fiolin, kulturskulelærar stryk 915 73 032

Klikk for stort bileteHenri Eftevand (fiolin) har studert i Trondheim og Oslo med Frode Hoff, Terje Moe Hansen og Sølve Sigerland som lærarar. Henri avslutta utdanninga si ved Norges Musikkhøgskule våren 1996. Hausten 1997 vart Henri tilsett ved Førde Kommunale Musikkskule som distriktsmusikar. Sidan då har han vore med i dei fleste større oppsetjingane der det har vore behov for strykarar i Sogn og Fjordane, oftast som konsertmeister. Han har òg vore solist med orkesterforeininga i Sunnfjord og Sogn og Fjordane Symfoniorkester.

Distriktsmusikar trompet, kulturskulelærar messing 482 74 273

Klikk for stort bileteJulia Gåsvær (trompet) kjem frå Solund og er utdanna ved Musikkonservatoriet i Tromsø og Royal Irish Academy of Music.
Ho har erfaring frå symfoniorkester gjennom frilansarbeid i RTÉ Concert Orchestra, RTÉ National Symphony Orchestra, Irish National Opera og Ulster Orchestra. Som musikar er ho allsidig og held på med komponering og arrangering ved sidan av trompetspel. I 2019 urframførte ho Alexander Aarøen sin trompetkonsert ”Dusk and Dawn” saman med Arktisk Filharmoni på sin avsluttandes masterkonsert.
 

Distriktsmusikar song, kulturskulelærar song 906 77 576

Klikk for stort bileteMezzosopranen Christine Marøy er utdanna ved Høgskolen i Agder, musikkonservatoriet, og ved Royal College of Music i London. Ho er ein allsidig songar som trivst i mange sjangre. Ho har medverka i fleire operaer, m.a. i Dido og Aeneas, Tryllefløyten, og har vore solist i oratorier som Mozarts Requiem, Pergolesis Stabat Mater, Handels Messias, Vivaldis Gloria, Brittens  A ceremony of carols og Bachs Juleoratorium i London under leiing av Peter Schreier. Der fekk ho strålande kritikkar i London-pressa. I 2005 deltok ho på Dronning Sonjas Internasjonale Musikkonkurranse. Ho er og ein aktiv romansesongar, og har m.a. gjort solokonserter på Troldhaugen, i England og Kroatia. Sidan hausten 2006 har ho vore tilsett som distriktsmusikar i Førde (no Sunnfjord kommune). 

Distriktsmusikar trekkspel, folkemusikk, kulturskulelærar trekkspel 951 81 672

Klikk for stort bileteOle Nilssen bur på Jølster, og er ein av landets fremste utøvarar innan folkemusikk og -dans. Han er utdanna frå Norges Musikkhøgskole og NTNU.
Som solist på trekkspel og durspel debuterte han i 2017 med plata ”Premier”, og han er elles mykje nytta som dansespelemann, ensemblemusikar og instruktør i spel og dans. I 2018 vart han kåra til ”Årets unge folkemusikar”. Som dansar har han fleire NM-titlar.
Trekkspelet er eit instrument med mange fasettar, og i hendene til Ole spelar det rolla som «vovet» soloinstrument så vel som audmjukt samspelsinstrument. Slåttespråket slår like gjerne følge med Prøysen som med Plagge og Paganini.
 www.olenilssen.com

Distriktsmusikar hardingfele, kulturskulelærar hardingfele 900 16 334

Klikk for stort bileteHardingfelespelaren Ingrid Schei Stuhaug kjem frå Naustdal, og er musikkutdanna ved Høgskulen i SørØst-Norge avdeling Rauland, samt Høgskulen i Gøteborg. Ingrid har vore aktiv i folkemusikkmiljøet i Sunnfjord i mange år, og har erfaring som solist og som musikalsk leiar i ulike spelemannslag. Ingrid har også jobba fem år som rådgjevar i FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans.  

Distriktsmusikar piano, kulturskulelærar piano 451 66 966

Klikk for stort bilete

Noemi er født i Subotica, Serbia og byrja å lære piano på musikkskulen i Subotica. Ho studerte på kunstakademi i Novi Sad, Serbia, ved Franz Liszt musikkakademi i Budapest, Ungarn og ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. I 2016 blei ho ferdig med master i kammermusikk og akkompagnement. Frå 1999 til 2007 vann Noemi sju gongar den Serbiske nasjonalkonkurransen for pianistar og utmerka seg på internasjonale konkurransar i Italia, Belgia og Ungarn. Ho fekk pris frå den kongelege familien Karadordevic for å ha vore den beste studenten. Året 2012/2013 blei Noemi valt som ein av dei beste studentane ved Novi Sad kunstakademi og fekk eit stipend frå Azerbaijan som heiter Uzeyir Hajibeyov. Mellom 2016 og 2019 jobba ho som repetitør på Kuntshøgskolen i Oslo. Sidan 2010 jobba Noemi også som pianolærar. I 2019 fekk ho fast stilling som distriktsmusikar i Sunnfjord kommune.

Distriktsmusikar tverrfløyte, kulturskulelærar tverrfløyte 474 00 942

Klikk for stort bileteHelga starta musikervegen ved Ålesund kulturskole, og studerte sidan ved Det Jyske Musikkonservatorium i Århus, Danmark hjå Thomas Jensen og Lena Kildahl, og ved Det Kongelege Belgiske Konservatorium i Brussel hjå Carlos Bruneel. Ho har spelt på festivalar for ny musikk, og har mange solokonsertar og kammarkonsertar bak seg. Helga kom til Førde i 2003, først som vikar, sidan som fast tilsett distriktsmusikar. Ho er fast solofløytist i Opera Nordfjord.

Distriktsmusikar gitar, kulturskulelærar gitar 474 00 943

Klikk for stort bileteJacob Wyrtz (gitar) er fødd og oppvaksen i Danmark, men har budd i Noreg sidan 2003. Han er utdanna klassisk gitarist frå Det Jyske Musikkonservatorium i Århus og studier hos Alex Garrobè i Spania. Han har i tillegg deltatt på masterclass med nokre av dei fremste gitarister i verda bl.a David Russel, Aniello Desiderio og John Mills. Han har erfaring som sologitarist og kammermusikar og har spelt i tangoorkester og forskjellige rock/blues band. Jacob er medlem i  det lokale rhythm`n`blues bandet Mrs. and the Pitifuls. Han er tilsett som distriktsmusikar i Førde sidan 2008.