Sunnfjord kommune

Rettleiande prisliste og vilkår ved tinging av tenester

Rettleiande prisliste og vilkår ved tinging av tenester

Når ein kunde tek kontakt med oss med ønske om å booke ein av våre distriktsmusikar ser prosessen slik ut:

  • kunden kontaktar administrasjonen i kulturskulen og sender førespurnad. Den bør innehalde:
    - Arrangementet sitt namn, dato, klokkeslett og stad
    - Planlagde øvingsdagar med klokkeslett (viss tilfelle)
    - kven av musikarane de ynskjer å bestille
    - andre musikarar som er involverte
    - musikkynskje
  • administrasjonen spør musikaren/ musikarane om dei kan ta oppdraget
  • administrasjonen sender pristilbod
  • kunden godkjenner pristilbodet
  • administrasjonen sender ut stadfesting som er bindande

Rettleiande prisliste:

Prislista er kun meint som rettleiande hjelpemiddel.
Prisen må alltid avtalast med administrasjonen og blir skreddarsydd til kvar kunde.
Prisen kan avvike om det krevst meir øving, reise og/ eller diett.

Prisane gjeld for ein musikar:

Gravferd: 2.500,- 
Konfirmasjon: 3.000,- 
Bryllaup: 3.000,- 
Konferanse: 3.000,- 

Vilkår ved tinging av tenester:

  • Stadfesting er bindande for begge partar.
  • Oppdragsgjevar er ansvarleg for innmelding til TONO, der det er påkravd.
  • Ved offentlege arrangement er oppdragsgjevar ansvarleg for PR/ marknadsføring av arrangementet.
  • På annonsar og plakatar skal Distriktsmusikarane i Sunnfjord kommune vere med i teksten, spør gjerne om logo.
  • Konsertlokalet må vere tilgjengeleg 1 time før konserten/ arrangementet.
  • Ved oppdrag som varer lenger enn 5 timar har distriktsmusikarane krav på kostgodtgjersle, alternativt kan oppdragsgjevar stille med mat og drikke.
  • Nyttar musikarane piano/ flygel til konserten, skal oppdragsgjevaren syte for at instrumentet er stemt.
  • Distriktsmusikarane skal på førehand godkjenne at det vert gjennomført eit lyd og,- eller videoopptak.
  • Prisen på stadfestinga gjeld berre den tenesta som er tinga. Om omfanget av oppdraget vert justert utover dette, vert prisen justert høvesvis.
  • Avlyser oppdragsgjevar seinare enn 14 dagar før arrangementet, må han betale 50% av avtalt pris.
  • Avlyser oppdragsgjevar seinare enn 5 dagar før arrangementet, må han betale full pris.
  • Ved sjukdom eller liknande hos distriktsmusikarane vil distriktsmusikarane tilby tilsvarande teneste i dialog med oppdragsgjevar.
  • Om berre delar av oppdraget vert utført og distriktsmusikarane er å laste for dette, vert prisen justert høvesvis.

 

Ta gjerne kontakt med oss om de ynskjer hjelp.