Sunnfjord kommune

Konsertar, prosjekt osv

Konsertar, prosjekt osv

Her finn du info om noverande og gamle prosjekt og konsertar distriktsmusikarane i Sunnfjord kommune har vore med på.

Distriktsmusikarane byr på eit unikt pusterom i travle haustkvardagar!

Fire fredagar kl. 12—12.30 inviterer dei til lunsjkonsertar av ypparste kvalitet i Nordsalen i nye Sunnfjord kulturskule.

 Det har lenge vore ønska ein eigen konsertserie med   dei dyktige distriktsmusikarane i Sunnfjord, og i den nye salen får vi moglegheit til å syne fram eit fantastisk musikkbygg i tillegg. Akustikken i salane er av ypperste merke, og er lagt til rette spesielt for akustisk musikk.